Fjelnesdalen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Fjelnesdalen | |
---|---|
Alt. namn: | Fjellingsdal |
Fylke: | Møre og Romsdal |
Kommune: | Aure |
Gnr.: | 226 |
Type: | matrikkelgard |
Postnummer: | 6590 |
Fjelnesdalen (uttale: ["fje:ɭɳesˌdɑ.ɳ] (nominativ/akkusativ), ["fje:ɭɳesˌdɑ.ɽa] (dativ)), med tilhørande slektsnamn Fjellingsdal, er ein dal og matrikkelgard på sørsida av Stabblandet i Aure kommune på Nordmøre. Garden har matrikkelnummer 226 og har to bruk. Fjelnesdalen soknar tradisjonelt til Sålåsundet og til Indresæter postkontor (nedlagt frå 1. mars 1972) og Hals skule (nedlagt frå 1. august 1972). Setra låg i bratta opp mot Innerbergsalen og var felles for Fjelnesdalen og Innerberg.