Ivar Blekastad

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 15. okt. 2009 kl. 18:50 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: <onlyinclude>'''Ivar Blekastad''' (fødd i Sel 4. oktober 1850, død i Gausdal 20. januar 1936), var friskolelærar, bonde og handelsmann. Han vaks opp i Sel, men budde i Ga...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ivar Blekastad (fødd i Sel 4. oktober 1850, død i Gausdal 20. januar 1936), var friskolelærar, bonde og handelsmann. Han vaks opp i Sel, men budde i Gausdal frå 1875 til sin død. Han blir rekna som ein av pionerane innan den frilynde ungdomslagsrørsla, og arbeidde ivrig for målsaka og fråhaldssaka.


Familien

Blekastad var fødd og oppvaksen på garden Blekastad rett ved Otta, på austsida av Lågen, i nåverande Sel kommune. Foreldra var gardbrukarparet Ivar Olsen frå Nigard Bu og Guro Syversdotter Hyrve frå Skjåk. Dei hadde kjøpt Blekastad i 1840.

Ivar hadde tre sysken, Anne f. 1839, Ola f. 1843, Sigurd f.1848.

I 1879 gifta Ivar Blekastad seg med Torø Hallvorsdotter Ofigsbø frå Lom (1857-1936). Dei fekk åtte born: Ivar f. 1880, Hallvard f. 1883-1966, Sigurd f. 1885, Gudrun f. 1887, Gunnhild f. 1889, Margit f. 1891, Torbjørg f. 1894 og Olav f. 1896.


Allmugeskole og folkehøgskole

Ivar gjekk første skoleåra sine i omgangsskolen. Så vart det fastskole i bygda med ein lærar som var seminarutdanna, J. H. Jordhøi. Hjå han fekk Ivar også privatundervisning. Han fekk likeins privatundervisning hjå presten i bygda over ein toårsperiode.

I 1867 starta Christopher Bruun sin folkehøgskoleRomundgard i Sel. Der gjekk Ivar i to vintrar, 1867-1868 og 1869-1870. Sommaren 1870 hadde Ivar dessutan eit opphald ved folkehøgskulane Askov og Vallekilde i Danmark.

Vinteren 1873-1874 gjekk han på bibelskolen som Christopher Bruun det året hadde på Fykse i Gausdal.


Ungdomslagspioneren

Hausten 1868 skipa Ivar ungdomslaget Mølju, som med god rett kan kallast det fyrste frilynde ungdomslaget i landet. Det var direkte inspirert av folkehøgskoletankane til Christopher Bruun. Laget var både for jenter og gutar. Ei medlemsliste frå 1870 viser også at det var sosialt samansett av ungdom frå gardbrukar-, småbrukar- og husmannsheimar.

Noko i same gata var Lom samlag, som Blekastad var med å starte da han underviste på friskolen der i 1872 (sjå nedanfor).

Ungdomslagsverksemda var han sterkt engasjert i også seinare i livet. Da han flytta til Gausdal i 1875, skipa han ungdomslaget Ottar Birting same hausten. Der var han sjølv formann til 1899. Han gav fri tomt til forsamlingslokalet Myrvang, som laget reiste i 1900. Blekastad var med i det fyrste styret for Gudbrandsdals ungdomslag 1898-1903, det siste året som formann.


Yrkesverksemd og samfunnsengasjement

Da eldstebroren Ola overtok garden Blekastad, starta dei to yngre brørne, Ivar og Sigurd, ein landhandel på Mostugu like ved brua over Lågen i nærleiken av staden der jernbanestasjonen seinare kom på Otta.

Ivar Blekastad heldt fram som handelsmann etter at han hadde flytta til Gausdal. Han og familien kombinerte landhandelen med gardsdrift på eigedomane Loshaugen og Bruvang, som dei hadde kjøpt og budde på. Det vart også starta eit dampysteri på eigedomen.

Den yrkesgjerninga Ivar Blekastad har vorte mest kjend for, er likevel lærargjerninga. Det tok til med at han hjelpte Andreas Austlid med undervisninga ved friskolen på Ofigsbø i Lom vinteren 1872 (1871-1872 eller 1872-1873?).

Hausten 1875 starta han så sin eigen friskole i Gausdal (Myren krins i Østre Gausdal), som han dreiv til 1895.

Blekastad sat i 30 år i skulestyret i Østre Gausdal, det meste av tida som formann. Det var mykje hans verk at nynorsk vart innført i skulane i bygda i 1908. Han hadde også mange andre tillitsverv. Han sat 12 år i kommunestyret, han var med i forliksrådet og i soknerådet, han vart nytta som skylddelings- og takstmann og som doms- og lagrettemann.

Politisk var han frå fyrst av venstremann, men gjekk over til Bondepartiet da dette vart skipa tidleg i 1920-åra.


Kjelder og litteratur

  • Blekastad, Gunnhild: «Hundre år sida Ivar Blekastad skipa fyrste ungdomslaget i landet på Sel», i Årbok for Gudbrandsdalen 1968, utg. av Dølaringen og Gudbrandsdal Historielag.
  • Blekastad, Ivar: «Andreas Austlid», i Årbok for Dølaringen 1930.
  • Bredebygden lokalhistoriske selskap, nettside
  • Hov, L. F.: «Ivar Blekastad», i Årbok for Dølaringen og Gudbrandsdal Historielag, 1936.
  • Kolden, Jon: Bygdabok for Lom band 3. Utgjeve av Lom kommune ved Snøhetta forlag, Lesja, 2005. (Kapittelet om Ofigsbø)