Ivar Dahle: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
(Utbygging)
Linje 1: Linje 1:
{{Under arbeid}}
<onlyinclude>{{thumb høyre|Ivar Dahle (1877-1949).jpg|<small>Ivar Dahle.</small>|[[Ukjent]].}}'''[[Ivar Dahle]]''' (fødd 16. mai 1877 i [[Gulen]], Sogn, død i [[Heidal]] i nåverande [[Sel kommune]] 26. august 1949) var folkeskulelærar og lokalpolitikar. Han var ordførar i Heidal i nær 25 år, fyrst som [[Arbeiderdemokratene|arbeidardemokrat]], sidan som sosialist. Dahle var ein av dei fyrste av ganske mange sosialistiske vestlandslærarar som gjorde seg gjeldande i [[Nord-Gudbrandsdalen|Norddals-bygdene]] i mellomkrigstida.  
<onlyinclude>{{thumb høyre|Ivar Dahle (1877-1949).jpg|<small>Ivar Dahle.</small>|[[Ukjent]].}}'''[[Ivar Dahle]]''' (fødd 16. mai 1877 i [[Gulen]], Sogn, død i [[Heidal]] i nåverande [[Sel kommune]] 26. august 1949) var folkeskulelærar og lokalpolitikar. Han var ordførar i Heidal i nær 25 år, fyrst som [[Arbeiderdemokratene|arbeidardemokrat]], sidan som sosialist. Dahle var ein av dei fyrste av ganske mange sosialistiske vestlandslærarar som gjorde seg gjeldande i [[Nord-Gudbrandsdalen|Norddals-bygdene]] i mellomkrigstida.  


Linje 40: Linje 41:
=== Krisepartiet ===
=== Krisepartiet ===


== Krigen ==
== Referansar ==
== Referansar ==
<references/>
<references/>
==  
 
Kjelder og litteratur ==
== Kjelder og litteratur ==
 
{{DEFAULTSORT:Dahle, Ivar}}
{{DEFAULTSORT:Dahle, Ivar}}
[[Kategori:Personer fra Gulen kommune]]
[[Kategori:Personer fra Gulen kommune]]

Sideversjonen fra 25. feb. 2013 kl. 20:42

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Ivar Dahle.
Foto: Ukjent.

Ivar Dahle (fødd 16. mai 1877 i Gulen, Sogn, død i Heidal i nåverande Sel kommune 26. august 1949) var folkeskulelærar og lokalpolitikar. Han var ordførar i Heidal i nær 25 år, fyrst som arbeidardemokrat, sidan som sosialist. Dahle var ein av dei fyrste av ganske mange sosialistiske vestlandslærarar som gjorde seg gjeldande i Norddals-bygdene i mellomkrigstida.

Han gjekk i bresjen for ei rad store tiltak i Heidal, som bureising, vegbygging, skuleutbygging og anna. På regional basis markerte han seg særleg i samferdselspolitikken, som talsmann for kommunal rutebildrift. Han var målmann og gjorde mykje for å få til språkskiftet til nynorsk i kommunen.

Han var ein særs omtykt og sterkt omstridd ordførar i ei vanskeleg tid for bygda. Dahle vart til slutt pressa ut av politikken som følgje av kvasse fraksjonsstridar i den lokale arbeidarrørsla rett før krigen. Under krigen vart han fråteken heim og arbeid, og han vart fengsla av Gestapo.

Familie

Ivar Dahle var bondeson. Foreldra var Henrik Jakobsen Dahle (fødd 1842) og Berte Maline Klausdotter fødd Nyhamar (1834-1903). Dei dreiv ein etter måten stor gard (15-20 kyr) i Dalsbygda i Gulen. Ivar hadde to halvsysken (frå mora sitt fyrste ekteskap) og fem sysken. Han var nest yngst i syskenflokken.

Ivar Dahle gifta seg i 1908 med Laura Ulven frå Ringsaker, dotter til bonde Per Ulven og hustru.

Utdanning og lærargjerning

Dahle gjekk lærarskulen på Notodden, og var ferdig der i 1898. Seinare (1902) tok han mellomskuleeksamen, som han må ha lese til privat ved sida av lærarjobb. Han hadde spesialkurs i gymnastikk, sløyd, song og musikk (orgel), teikning og hagebruk. I 1917 var han på stipendreise for å studere skulevesenet i Sverige og Danmark

Fyrste stillinga han fekk etter lærareksamen, var ved framhaldsskulen i Gulen 1898-1899. I tre år (1899-1902) var han lærar i Tonstad, Sirdal, og deretter ei kort tid i Ulvik i Hardanger (1903). Hausten 1903 byrja han som lærar og kyrkjesongar i Heidal, der han sidan vart verande.

Politikk og ideologi

Partitilknyting

Som så mange sosialistar av sin generasjon hadde Ivar Dahle ei fortid som venstremann, eller meir presist arbeidardemokrat. Kva tid han byrja rekne seg som sosialist, er uvisst. Det vart starta sosialistlag i Heidal tidleg i på året 1920,[1] men ordførar Dahle er ikkje nemnd som formann så tidleg. Han er heller ikkje omtala i Gudbrandsdalen Arbeidarpartis historie som arbeidarpartiordførar .

To år etter står han øvst på ei liste som i sosialistavisa blir omtala som ein einskapsfront mot «kaksepartiet» (Bondepartiet) i Heidal,[2] og avisa er arg av di Gudbrandsdalens Folkeblad (distriktsavisa til Arbeidardemokratane/Radikale folkeparti) har omtala dette som ei folkepartiliste. Social-Demokraten framheld at einskapslista konkurrerer med «Smaabrukerenes og husmændenes liste». Det et er venteleg den eigentlege folkepartilista, som etter sosialistavisas oppfatning er samansett av «moderate og avblekede demokrater».

Ved partisplittinga i 1923 følgde sosialistpartiet i Heidal NKP, og ved stortingsvalet i 1924 står Dahle på andreplassen på lista til «Norges kommunistiske parti. Avdeling av den 3. internasjonale.» Han vart ikkje attvald som ordførar[3] ved kommunevalet i 1925.

To år seinare (1927) vart Dahle vald til leiar i det nyskipa Heidal arbeidarparti (av DNA). Han var samstundes formann i Midtre Heidal arbeidarlag skipa same året.[4] Han heldt sidan fast ved Arbeidarparti-tilknytinga, men indre strid gjorde at han midt på 1930-talet fronta ei «upolitisk» liste lokalt, Krisepartiet, sjå nedanfor.

Ordførarvervet og andre offentlege oppåver

Ivar Dahle vart vald til ordførar i Heidal i 1913, som den andre ordføraren etter at Heidal vart eiga kommune i 1907.

På den tida Dahle melde overgang frå NKP til DNA, hadde han «fri» som ordførar, som han elles var frå 1913 til 1926 og igjen frå 1928 til 1938. Han hadde vore med i kommunestyret alt frå 1910. Som ordførar var han med i fylkestinget.

Ved stortingsvalet 1933 vart han stilt som kandidat på 6. plass på lista for Det norske arbeidarparti i Oppland.[5]

Han var formann i skulestyret i 1913, 1919-1920, 1923-1925 og 1929 til 1937 (?). Vidare var han overformyndar, doms- og lagrettemann med meir.

Småbrukarsosialisten

Norskdomssosialisten

Krisepartiet

Krigen

Referansar

  1. Gudbrandsdalen Social-Demokrat 11.5.1920
  2. Gudbrandsdalens Social-Demokrat 6.9.1922
  3. NOS VII 176. Stortingsvalget 1924.
  4. Gudbrandsdal Arbeidarparti 40 år. 1963.
  5. NOS IX 26. Stortingsvalget 1933

Kjelder og litteratur