Knut Hoff (1912–1994)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. jul. 2020 kl. 19:25 av Niillas4 (samtale | bidrag) (Bytt ut bindestrekar med tankestrekar.)
Hopp til navigering Hopp til søk

Knut Hoff (1912–1994)[1] var lærar, rektor, fylkesskolesjef, ordførar og lokalhistorikar.

Han vart fødd i Veggli i Rollag kommune, og foreldra hans var Kirsti Olsdotter Tveiten (1882–1938) og bonde, likningssekretær og trygdekasserar Ulrik Knutsson Hoff (1886–1963).[2][3]

Knut Hoff tok eksamen ved Notodden lærarskole i 1935[4] og examen artium 1943[5].

Han vart rektor ved Numedal folkehøgskole i 1951.[6] Han var fylkesskolesjef i Buskerud fram til han gjekk av med pensjon.[7]

Knut Hoff var aktiv lokalpolitikar og vart innvald i heradstyret i Rollag i 1945.[4] Han var ordførar i Rollag 1964–1965.

Knut Hoff skreiv fleire lokalhistoriske arbeid. I 1981 gav han ut 75-årssoga til Numedal folkehøgskole Numedal folkehøgskole 75 år. Vegen frå amtsskole til folkehøgskole.Etter at han vart pensjonist, arbeidde han med eit bygdeboksverk for Rollag kommune.[7] Han gjorde ferdig fire av fem band av dette verket før helsa svikta og han måtte gje opp arbeidet.[8] Det siste bandet vart skrive av Even Tråen.[9]

Knut Hoff fekk Kongens fortenstmedalje i gull i 1980.[10]

Referansar

  1. http://www.disnorge.no/gravminner/vis.php?mode=fy
  2. https://media.digitalarkivet.no/view/5567/28
  3. Hoff, Knut (u.å.): Rollag Bygdebok. Ætt og grad og grend., bd. 2, s. 150
  4. 4,0 4,1 Norske skulefolk bd. 1, s. 607. Stavanger: Dreyer, 1952
  5. Studentene fra 1943, s.265 . Oslo 1968
  6. Hoff, Knut: Numedal folkehøgskole 75 år. Vegen frå amtsskole til folkehøgskole, s. 61. Rollag 1981
  7. 7,0 7,1 Aftenposten 16.6.1987
  8. Hoff, Knut (u.å.): Rollag Bygdebok. Ætt og gard og grend., bd. 4, s. 7
  9. Tråen, Even (u.å.): Rollag Bygdebok. Ætt og gard og grend., bd. 5
  10. https://www.kongehuset.no/tildelinger.html?tid=28028&sek=27995&person=&q=&aarstall=&type=27125&start=1600