Kvann (latin Angelica archangelica) er ei toårig plante som veks i dei nordlege delane av Noreg, Sverige, Finland, Færøyane og Island. Det fyrste året har planta berre blad, og i det andre året får ho ei stamme som kan bli opp mot to meter høg. Planta har blitt nytta som krydder og grønsak, og i folkemedisin.

Kvann på eit tun på Norsk Folkemuseum. På Vestlandet blei kvann dyrka på tuna inn i nyare tid.
Foto: Olve Utne (2008).

I Gulatingslova nemnast kvanngardar, og planta er også nemnd i kongesagaene. På Voss og nokre andre stader på Vestlandet har ein inntil nyare tid hatt kvanngardar på tunet. Stengel og bladskaft er gode som grønsaker, og vert gjerne spist rå. Unge frukter og småblad er rike på vitamin C, og ein finn også ein del vitamin C i stilkane. Dette kan ha vore viktig for å førebyggje skjørbuk der ein har hatt lite vitamin C elles i kosten, særleg i arktiske område. I folkemedisinen blei planta nytta mot forstopping og hemoroider, som nerveroande middel og som vanndrivande middel.

Rota har blitt nytta som tobakkserstatning, medan fruktene har blitt nytta som krydder mellom anna i brennevin og likør.

Det finst tre hovudvariantar av planta:

  • Fjellkvann, Angelica archangelica ssp. archangelica
  • Vossakvann, Angelica archangelica ssp. archangelica var. majorum
  • Strandkvann, Angelica archangelica ssp. litoralis

Galleri

Kjelder