Lærdalsøyri

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 19. jan. 2014 kl. 13:44 av Stigrp (samtale | bidrag) (liten skrivefeil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Nokre av dei gamle bygningane i Lærdalsøyri.
Foto: Elin Olsen (2013)

Lærdalsøyri er ein tettstad og administrasjonssenter i Lærdal kommune i Sogn og Fjordane. Staden ligg ved botnen av Lærdalsfjorden, og var opphavleg ein marknadsplass for handel mellom fjellbygdene på Austlandet og sjøbygdene på Vestlandet. Det er omkring 1150 innbyggjarar i tettstaden (2012).

Eit bygningsmiljø frå 1700- og 1800-talet er bevart i tettstaden, og inngår i verdsarvstaden «Vestnorsk fjordlandskap». Heile 161 bygningar ligg i verneområdet Gamle Lærdalsøyri, og to av dei er freda.

Det var i 1830- og 1840-åra planer om å gje Lærdalsøyri status som ladestad, og i 1842 vedtok Regjeringa å gje slik status til Lærdalsøyri, Haugesund og Namsos. Dette vart avvist i Odelstinget, så ingen av dei tre stadene vart ladestader. Dei to sistnemnde stadene fekk status som ladestader noko seinare, men Lærdalsøyri fekk det aldri.

Turisme og handel er dei viktigaste næringsvegane i Lærdalsøyri. Ein finn også nokre mindre industriforetak.

Tidlegare var ferjetrafikken frå Lærdalsøyri til Kaupanger, Frønningen og Gudvangen viktig for kommunikasjonen i området, men etter at Lærdalstunnelen opna i 2000 er det ikkje lenger så mykje trafikk på desse strekningane.

I januar 2014 vart tettstaden ramma av ein katastrofal brann.

Galleri

Kjelder