Lærdalsøyri

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nokre av dei gamle bygningane i Lærdalsøyri.
Foto: Elin Olsen (2013)

Lærdalsøyri er ein tettstad og administrasjonssenter i Lærdal kommune i Sogn og Fjordane. Staden ligg ved botnen av Lærdalsfjorden, der Lærdalselvi renn ut i fjorden. Han var opphavleg ein marknadsplass for handel mellom fjellbygdene på Austlandet og sjøbygdene på Vestlandet. Det er omkring 1150 innbyggjarar i tettstaden (2012).

Eit bygningsmiljø frå 1700- og 1800-talet er bevart i tettstaden. Heile 161 bygningar ligg i verneområdet Gamle Lærdalsøyri, og to av dei er freda.

Det var i 1830- og 1840-åra planer om å gje Lærdalsøyri status som ladestad, og i 1842 vedtok Regjeringa å gje slik status til Lærdalsøyri, Haugesund og Namsos. Dette vart avvist i Odelstinget, så ingen av dei tre stadene vart ladestader. Dei to sistnemnde stadene fekk status som ladestader noko seinare, men Lærdalsøyri fekk det aldri.

Turisme og handel er dei viktigaste næringsvegane i Lærdalsøyri. Ein finn også nokre mindre industriforetak. Lærdal er ein av kommunane som ligg innafor verdsarvområdet «Vestnorsk fjordlandskap», og Lærdalsøyri er ein av dei viktigaste turiststadene i kommunen. Noko anna som trekk turistar er lakse- og sjøørrefisket i Lærdalselvi, som har vore populært sidan engelske turistar byrja å fiske der i 1850-åra. Norsk villakssenter held til i Lærdalsøyri.

Tidlegare var ferjetrafikken frå Lærdalsøyri til Kaupanger, Frønningen og Gudvangen viktig for kommunikasjonen i området, men etter at Lærdalstunnelen opna i 2000 er det ikkje lenger så mykje trafikk på desse strekningane.

Natt til søndag 20. januar 2014 vart tettstaden ramma av ein katastrofal brann, der 35 hus vart totalskadd. Av desse var 17 bolighus. Ein av bygningane var den freda bakeriet (Synneva Eris hus) frå 1840-åra. Brannen i Lærdal er den største bybrannen i Noreg sidan storbrannen i Tromsø i 1969.

Galleri

Kjelder

Koordinater: 61.10004° N 7.47361° Ø