Langlimvegen

Langlimvegen (fylkesveg 3424) går frå Åmotsdalsvegen i Dyrlandsdalen i Seljord kommune. Han kryssar over Åmotsdalsåi på Moland bru, slyngjer seg opp dei bratte Molandbrekkun og følgjer Mandalselvi vidare på nordsida, så langs Sundsbarmvatnets øvre del. Herifrå går Langlimvegen rett nordover gjennom grenda Langlim og over i vegen Gjevarvatn. Han er 11 kilometer lang.

Langlimvegen sett nordover i grenda Langlim.
Foto: Roy Olsen (2021).

Vegen og har namn etter grenda Langlim og vart namnsett i 2005.

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no


Koordinater: 59.60638° N 8.27269° Ø