Lesja kommune
Lesja kommune er ei fjellbygd i Oppland fylke på overgangen mellom Gudbrandsdalen og Romsdalen i Møre og Romsdal fylke. Bygda ligg på vasskiljet mellom Aust- og Vestlandet, og Lesjaskogsvatnet er kjelde både for Gudbrandsdalslågen og Rauma.
Lesja kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 0512 |
Fylke | Oppland |
Kommunesenter | Lesja |
Areal | 0 km² |
Areal land | 0 km² |
Areal vann | 0 km² |
Folketall | (2018) |
Grunnlagt | 1837 |
Målform | Nøytral |
Nettside | Nettside |
Liste over ordførarar |
Om kommunen
Noverande Lesja kommune er ein del av det gamle Lesja prestegjeld, og vart etablert som Lesja herad ved innføringa av formannskapslovene i 1838. I 1861 vart annekssokna Dovre og Øvre Folldal fråskilt Lesja herad og prestegjeld. Dombåsgrenda vart da overført frå Lesja til Dovre kommune.
Bygda kan inndelast i desse grendene rekna nordfrå: Bjorlie, Rånå, Einbu, Kyrkjekretsen, Nørdre Verket, Søre Verket, Nordmo, Lyftingmo, Kyrkjebygde, Bø og Kjøremsgrende. Dei samsvarar med skulekretsane inn til 1960-åra.
Ordførarar i Lesja 1837-
- Johannes J. Tøndevold (1797-1875) ordførar 1838-49
- Peder Skotte (181-1904) ordførar 1850-53
- Syver Hogsvold (1812-1877) ordførar 1854-55, 1864-67 og 1872-73
- Hans G. Koldstad (1800-1873) ordførrar 1856-63
- Peder Bj. Holager (1833-1913) ordførrar 1868-71, 1878-79, 1886-87 og 1890-91
- Hans H. Hatrem (1839-1933) ordførar 1874–77, 1884–85 og 1888–89
- Per Koldstad (1825-1904) ordførar 1880-83
- Anders E. Norderhus (1855-1924) ordførar 1892-1901
- Ole Ekre (1869-1928) ordførar 1914-16, 1920-22 og 1926-28
- Sigvart Alstrup H. Jordhøy (1874-1953) ordførar 1929-37
- John Botheim (1894-1975) ordførar 1938-40 og 1945 og 1946–47
Kart
<googlemap version="0.9" lat="62.15" lon="8.83" type="terrain" zoom="9" width="600" height="400" overview="yes"></googlemap>
<googlemap version="0.9" lat="62.180887" lon="8.85498" zoom="9"></googlemap>
Eksterne lenkjer
Litteratur
- Kjelland, Arnfinn: 1987-2008: Bygdebok for Lesja
- Kleiven, Ivar 1923: Gamal bondekultur i Gudbrandsdalen. Lesja og Dovre
- Einbu, Per og Arnfinn Kjelland 1988: Setrane i Lesja i teikning og tekst
- Skotte, Ola og Einbu, Sigurd 1949: Lesja. Litt frå den kommunale soga 1838-1938 og ymse anna
- Årsskrift for Lesja historielag
- Gåmålt frå Lesja og Lesjaskog