Lokalhistoriewiki:Hovedside
Sjekk ut på Lokalhistoriewiki
Smakebiter fra artiklene
Marie Kjølseth (Marte Marie) (født 11. desember 1870 på Østre Toten, død 13. mars 1923 i Kristiania) var forsker og lege. Hun var blant landets første kvinnelige leger og spesialist i kvinnesykdommer med virke på blant annet fødeklinikk, mødre- og spedbarnshjem. For sin forskning fikk hun flere priser og ble oversatt til andre språk. Kjølseth var også pedagog og en populær foredragsholder. Hun var en aktiv forkjemper for kvinners rettigheter, både innen legeyrket og generelt, blant annet gjennom kampen for kvinners stemmerett. Les mer … Byklum er den sentrale garden i Kyrkjebygdi i Bykle, og sannsynlegvis også den eldste garden i bygda, som alle dei andre har utgangspunktet sitt i. At dette må vera såleis skjønar me både av at garden vart kyrkjestad, og dermed gav namn åt kyrkjesoknet, og av at han på 1600-talet framleis hadde den langt høgste landskylda i bygda. Når det gjeld gardsnamnet Byklum, slår Amund B. Larsen fast at det er dativ, fleirtal, av innsjønamnet Bykil. Sjø-, fjord- og elvenamn «antager ofte flertal, naar de gaar over til Gaardnavne», skriv han. (Norske Gaardnavne VIII, 213). Dette har, såvidt me kan sjå, ikkje vore omstridt. Meir uvisst er det med tydingsinnhaldet. Larsen meiner at ordet «kanskje [kan] høre sammen med Verberne boka og bauka i Betydningen: pladske, skvulpe.». Eivind Vågslid (N A, 2, 689) aksepterer Larsens etymologi, men vil setje verbet bauka til å tyde 'grava'. Tarald Nomeland i den gamle gards- og ættesoga (216) satsar i staden på at grunnordet er bygill, m, som i gamalnorsk tyder noko som er buge eller bøygt på form: «Det høver på Bykilen, som ligg noko bugen midt i dalen», seier han. Alt det hermde høyrest i og for seg plausibelt ut, men me trur endå at det einaste ein kan vera nokonlunde trygg på, er konklusjonen frå Norsk Stadnamnleksikon (1975, 85), der det heiter at Bykil «ikkje er sikkert tolka.» Om ein skulle gjeta på alderen på busetnaden her, er det vel rimeleg å satse på bronsealder eller yngre steinalder. Diverre har ein ikkje oldfunn som kan stadfeste denne tanken, så han lyt berre byggje på ei parallellføring med eldste gardane i Nordbygdi. Elles ligg det fyre ein bundel med gamal tradisjon, som samla sett tykkjest peike i retning av mykje høg alder. Les mer …Allmannajuvet i Sauda kommune var i åra frå 1882 til 1898 eit gruveområde der det vart henta ut malm. I dag er dei nedlagde malmgruvene omgjort til ein turistattraksjon som årleg tiltrekkjer seg tusenvis av besøkande. Det første registrerte funnet av malm i Sauda vart notert 2. oktober 1881. Fram til drifta vart nedlagd i 1898, vart det produsert 12 000 tonn malm i gruvene. Dei første åra vart malmen frakta med kløvhestar ned til fjorden. Hestane bar 100 kilo malm, mens mennene tok 25 kilo kvar. Malmen vart transportert vidare med dampbåt langs Saudafjorden og eksportert til utlandet. Det var husmannen og ferjemannen Gregoirus Hansson Tengesdal som i 1881 gjorde eit funn som skulle bli starten for industristaden Sauda, og dermed føra arbeidarklassen, industri og utanlandsk kapital dit. Han fann nemleg hovudåra i eit belte av sinkblende. I det solfattige juvet 6-7 kilometer aust for Sauda fekk bygda si første industriverksemd, Sauda Grubekompani. Les mer … |
Om lokalhistoriewiki.noLokalhistoriewiki drives av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) ved Nasjonalbiblioteket. Wikien har over 2 millioner besøk i året og akkurat nå 73 430 artikler og 210 425 bilder. Om du vil bidra med å skrive, redigere eller laste opp bilder, er det bare å registrere seg som bruker! Hvis du trenger starthjelp, kan du ta en titt på hjelpesidene våre. Og om du ikke finner ut av ting, ta gjerne direkte kontakt med oss på NLI. |