MB «Varnes»

Sideversjon per 17. jul. 2015 kl. 07:24 av Magnar Høydal (samtale | bidrag) (→‎Bilder: retta år etter opplysning både om varnes og båten ved sidan.)

MB «Varnes» F-10-LB. Kjenningsignal: 3YGO. L/L Vik Båtbyggeri bygde denne båten i 1946 for Alf Nilsen, Kjøllefjord i Lebesby. Det vart bygt nokre båtar i storleik rundt 35 fot. Desse båtane har det no seinare vore vanskeleg å spore opp. Varnes fann ein på eit bilde der fiskerimerket var synleg. I fiskeriregisteret finn ein namn på eigar, og det gir spor for meir opplysningar.

Dette er «Varnes», truleg ein av fyrste turane med båten. På dekket framom rorhuset står, Klara Marie Velle og Inge Rolv Velle.
Denne notisen sette Alf Nilsen inn i ei lokalavis etter at dei fekk bu i Bjørdalen den perioda dei var tvangsevakuerte frå heimstaden sin.
Gudrun og Alf Reidar Nilsen. Bak sønene Alf, Charles og Rudolf. Dette er dei i familien Nilsen som måtte røme til fjells, og som seinare kom til Sunnmøre.

Håkon Høydalsvik hugsar frå då båten var bygd. Båten var bygd tradisjonelt på doblingspant, truleg 5-toms tømmerbreidd. Korleis den tradisjonelle oppbygginga av skrog var ved Vik, har artikkelen Hud og dekk litt meir detaljar om. Huda på ”Varnes” var truleg nagla med eintoms naglar, det utfrå at minste naglefreshaudet som var ved båtbyggeriet var ein tomme. Bildet viser at båten hadde davidar til lettbåten. Alle dekkshus var bygde av treverk. Utstyr til sveising fekk bedrifta i 1950, samtidig med at det kom vekselstraum til bedriftene i Høydalen. Sveisearbeid før den tid vart gjort ved Volda Mekaniske Verkstad. Det vart gjort av eigne arbeidarar eller ved leigesveising. «Varnes» er registrert med 35 fot lengde. Seinare registrering er 11,16 m. Det vert 35,6 norske fot og 36,6 engelske fot. Vidare spesifikasjonar til «Varnes» slik det står i fiskeriregisteret er i båtlista for Vik. Familien fortel at lugaren var innreidd med to doble køyer, og to enkle. Kokeplassen var i lugaren.

Tvangsevakuering

Det var ei dramatisk historie og ein del slump som førte til at Alf Nilsen tinga båt ved Vik båtbyggeri i 1946. Etter krigen fekk Gudrun og Alf Nilsen sønene Gunnar i 1949 og Rolf Inge i 1954. Det er Rolf Inge Nilsen som etter forteljing frå foreldre og syskjen har skrive ein del av den historia, som det her er henta sitat frå:

Det er 1944 og Tyskerne er på tilbaketrekning fra Finnmark og brenner for fote.

”Den brente jords taktikk.” Min far Alf Nilsen, min mor Gudrun Nilsen og mine brødre Charles, Alf og Rudolf rømmer til fjells, bort fra Tyskernes herjeringer mot Nordmanseth i Laksefjorden. Her har de tilhold i en hule i 14 dagers tid, sammen med mange andre sambygdinger. Min far gjorde et forsøk på å hente kua de hadde for melkens skyld, men tyskerne oppdaget han og løsnet skudd. Kua ble drept, men han berget seg unna.

De returnerer tilbake til Kjøllefjord etter ca. 14 dager på fjellet og finner hele bygda nedbrent unntatt kirka. Den står igjen som eneste bygg nede ved sjøen.

Her søker de tilflukt. Min bror Alf på 11 år legger seg til å sove ved inngangen og vekkes av tyske bajonetter. Alle føres så om bord i en tysk fregatt og føres til Honningsvåg. Min bror Alf synger for tyskerne og får sjokolade. Videre går ferden om Tromsø for avlusning og videre til Trondheim. Omsider kommer de til Sunnmøre og blir møtt av min fars bror Hegge, som var bosatt på Stranda.

”Mine fars søsken:

  • Rolf, Henry, Hegge R. og Klara hadde dratt fra karrige Finnmark lenge før krigen startet og

bosatt seg i Ørsta og på Stranda.

  • Klara var gift med fotograf Martin Velle i Ørsta. Henry bodde visstnok også i Ørsta.
  • Hegge drev fiskematforretning i Stranda. Rolf var muligens også bosatt på Stranda.”

Onkel Hegge hadde på forhånd ordnet med plass til mine foreldre i Bjørdal, hos Sivert og Anna Kolsås. Jeg var på besøk til denne gården med min mor i 1966 og kan skrive under på at det var veldig gjestfrie folk. Min mor hadde kontakt med dem fram til sin død i 1974.

Her var de under resten av krigen og hadde det veldig bra. Mine brødre skryter at det var i

Bjørdal de lærte seg å svømme. Min eldste bror Charles ble konfirmert i Ørsta av sokneprestMonrad Oskar Norderval, dette husker jeg hadde gjort sterkt inntrykk på han.

Namnet til Sivert, nemnd i denne teksta var: Sivert N. Kolås Bjørdal. Siste åra brukte han familienamnet Bjørdal.

Ny båt

Avstanden frå Bjørdalen i Ørsta kommune til båtbyggeriet i Høydalen er rundt 15 km på landevegen, og 25 minutt ved årane i ein færing. Til motorfabrikken i Volda var det også rundt 15 km`ters veg. Utfrå det må ein rekne med at Alf Nilsen har gjort fleire turar til motorfabrikken, og til båtbyggeriet før han tok den endelege avgjerda om ny båt. Å ta ei slik investering når dei visste at hus og heim var nedbrent, har nok vore ei vanskeleg avgjerd. Han tok den, og hausten 1946 kom han heim med nybåten saman med sonen Charles. Dei andre i familien, mora, Alf og Rudolf reiste nordover med F-96-LB «Varfjell». Dei opplevde det som ein lang tur, men Alf og ei nabojente fann litt avbrekk i å stå på baugen og telje kobbeglyer.

Alf d.e. har ført nøyaktige kontobøker så han har hatt god kontroll. Arne Johan Nilsen, son av Charles, har henta ut tal frå kontoboka. Båten kosta Kr. 40.000.- som han finansierte slik:

  • Fiskeribanken, første prioritet: Kr. 20.000.-
  • Fiskeribanken, andre prioritet: Kr. 16.000.-
  • Lån i Stranda Sparebank: Kr. 2.000.-
  • Lån av Sjengen ( Fiskeoppkjøpar i Kjøllefjord) Kr. 5.000.-

Sum lån: Kr.43.000.- Han har lånt kr. 3000.- meir enn båten kosta, det skulle nok nyttast til å skaffe bruk og andre driftsmidlar til den fyrste sesongen.

Heime att i Kjøllefjord

Då dei fekk etablert seg i Kjøllefjord og kom i gang å fiske gjekk det bra. Dei var så heldige med hyselinefisket at skipperen fekk tilnamnet ”Hysekongen”. Dei dreiv med line, garn og juksa på store delar av Finnmarkskysten. Ein sesong hadde dei base i Berlevåg, men drifta og austover mot Vardø og til russegrensa. Nokre gonger var dei lagbåt til større seibåtar. Største lastane var 5000 kg i romet og på dekk. Vart det lite plass, kunne det stundom verta plassert fisk også på bakken.

«Varnes» var og brukt til skyssbåt for både doktor og prest.

Fyrste avdrag på lånet vart betalt 20. mars 1947. Det tyder at fiske alt fyrste året har vore bra. Situasjonen var verre i fyrstninga av 1948. Då viser reknskapsloggen at Alf har rekna fleire gonger på kassasummen, og den 24. mars var den kr. 80,41. I eit brev til Sivert Kolås fortel han at 1949 var eit brukbart år. Av sin lott hadde han lagt ein fjerdepart til huset. Båtlotten var i 1949 kr. 11.577,-. I 1950 var lånet til Sjengen innfridd. Sesongane har variert, det er og normalt i dette yrket, men det har vore mange år med godt resultat. Beste driftsresultat er i 1952, då var både vinter- og haustsesongen god. Samla båtslott det året var kr.17.322,-. Alf har vore ein punktleg betalar, det går fram av notatane han har late etter seg.

Arne Johan Nilsen, soneson til Alf Nilsen, har henta frå rekneskapsloggen:

”Den 20.mai 1959, fekk Lars Nilsen sin lott på kr. 828,00, derfrå vart kr. 123,00 trekt i skatt. Vidare vart han trekt for kr. 71,63 for reparasjon på lina. Det året vart det betalt kr. 1.600,00 i renter og avdrag. For hyselinesesongen fekk Alf d.y. den 11 juni utbetalt kr.571,95 med fråtrekk av kr. 70,00 i skatt. I denne tida hadde Alf planar om ny båt, og hausten 1959 vart båten tinga. Så minnest Arne Johan, at han første søndag i advent var på vitjing med bestefaren. Han tok han opp på fanget så dei skulle få ein prat. Arne hadde to tiøringar i lomma og dei diskuterte kva dei skulle brukast til. Dei vart einige om at det burde gå til flagg på nyebåten. Slik det utvikla seg vart det ingen ny båt.

Andre juledag 1959 døde Alf, 58 år gamal. Sonen Charles hadde vore saman med far sin i drifta av ”Varnes”, og han overtok no som skipper. Etter vel eitt års drift fekk han seg jobb på land, og i 1961 vart båten seld.”

Den dagen båten vart seld stod 7 åringen Rolf Inge ved roret på siste turen for ”Varnes” inn Kjøllefjorden, eit usletteleg minne.

Motorar

  • 1946 då båten var ny, 22, hk. 1946 Voldamotor.
  • 1963 Brunvoll 1963 28, hk.
  • 1983 Volvo Penta 156, hk.

Eigarar

  • 1946, Alf Nilsen, Kjøllefjord. F-10-LB.
  • 1961, Arne Sørensen mfl. Skarsfjord på Ringvassøy, Tromsøysund. Båten fekk fiskerimerke T-632-TD. Seinare vart Tromsøysund slått saman med Tromsø kommune og «Varnes» fekk nytt nummer T-632-T. Det var far og søner som brukte i lag. Drifta var med garn og line i området utfor heime kommunen. I 1966 vart det sett inn høgare rekkestøtter på bakken og ein svinerygg som gjekk til atterkant bakk, klyssa vart og fjerna. I 1970 vart det ein del ombygging med mellom anna nytt styrehus i aluminium, og det vart bygt egnarhus. Det vart utført av Einar Haugland, Kårvik i Ringvassøy.

( Når «Varnes» vart seld kjøpte Arne og Jermund Sørensen, far og son, ein båt i Vestnes, «Ona» på 52 fot, M-3-VS den fekk namnet «Roskjer».)

  • 1972, Reidar Olsen, Grunnfjord i Karlsøy kommune. Båten fekk no nytt namn; «Myrnes»,og fiskerinummer T-117-K. Olsen fiska med garn i Lofoten på vinteren ellers var det drivgarn etter laks.
  • 1979, Aksel Lorentsen, Hansnes, som også er i Karlsøy kommune. Fiskerinummeret er uendra, men får no attende namnet «Varnes». Lorentsen fiska med line og garn, vert det opplyst.
  • 1983, Idar Johansen, Akkarvik, Skjervøy kommune. Registreringsnummner T-517-S.
  • 1989, Henrik Johansen, Skjervøy kommune. Uendra nummer.
  • 1991, Knut Johnsen, Skjervøy kommune. Uendra nummer.

Knut Johansen får utført ei større modernisering av båten i 1991, mellom anna ny rigg. «Varnes» var no over 50 år gamal, men i god stand. I 1999 vart «Varnes» kondemnert og søkkt i nærleiken av Skjervøy. Når båten vart kondemnert så kort tid etter ei større modernisering, er det truleg eit resultat av struktureringa i fiskeflåten men også galvanisk tering på spanta under motoren.

Bilder

Bilder av båten er kome frå mange av eigarane og andre intereserte. Det er med å gjere historia om båten meir utfyllande.

Kjelder

  • Fortegnelse over Merkepliktige Norske Fiskefarkoster
  • Håkon Høydalsvik f. 1922, medeigar av Vik båtbyggeri.
  • Boka, Fiskeflåten i Lebesby kommune gjennom 100 år, ved Leif Yngve og Leif Petter Wallenius.
  • skrifteleg materiale frå Rolf Inge Nilsen.
  • telefonsamtale med Alf Nilsen d.y. og med seinare eigarar.
  • Svein Solberg, Skjervøy har skanna bilder og skaffa informasjon.

Eksterne lenkjer