Midtre Fjærland krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Midtre Fjærland krins (også omtala som Hamrum krins) var ein skulekrins for grendene i midtre del av Fjærland, på begge sidene av fjorden, i Sogndal kommune i Sogn. Tidlegare var denne krinsen, og heile Fjærland, ein del av Balestrand kommune. Frå 1953 vart namnet på krinsen endra til Mundal krins. Frå 1741 hadde Fjærland vore delt i tre krinsar. I starten vart desse kalla: 1) Hamarsnes-Mundal (midtre), 2) Øyjordi-Stølen (indre) og 3) Berge-Rommøren (ytre).

Skulehus

Hamrum skule

I 1877 fekk Midtre Fjærland krins skulehus på Hamrum (Homrane). Klasserommet hadde plass til 24 born og det var knytt til eit «Familiebekvemmelighed med en liten jordvei» til skulehuset.

Mundal skule

I 1950 vart det bygd ny skule på Pålsneset, som etter røysting i 1952 fekk namnet Mundal skule.

Krinsen vart slege saman med Ytre Fjærland i 1957, men dei heldt fram med vinterskule i Ytre Fjærland fram til 1962-63.

Ei utviding av skulehuset sto ferdig i 1975, då det i tillegg vart bygd symjebasseng ved skulen.

Skuledagen

Skulevegen

Lærarar

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Laberg, Jon (1934) Balestrand - bygd og ætter, s184-199.
  • Beretning om Folkeskolen i Balestrands Skolekommune Femaaret 1891-1895. Annonce-Tidendes Bogtrykkeri 1897
  • Beretning om Folkeskolen i Balestrands Skolekommune Femaaret 1896-1900. John Griegs Bogtrykkeri 1902

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


Koordinater: 61.398268° N 6.738359° Ø