Midtre Fjærland krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Midtre Fjærland krins (også omtala som Hamrum krins) var ein skulekrins for grendene i midtre del av Fjærland, på begge sidene av fjorden, i Sogndal kommune i Sogn. Tidlegare var denne krinsen, og heile Fjærland, ein del av Balestrand kommune. Frå 1953 vart namnet på krinsen endra til Mundal krins. Frå 1741 hadde Fjærland vore delt i tre krinsar. I starten vart desse kalla: 1) Hamarsnes-Mundal (midtre), 2) Øyjordi-Stølen (indre) og 3) Berge-Rommøren (ytre).

Skulehus

Hamrum skule

I 1877 fekk Midtre Fjærland krins skulehus på Hamrum (Homrane). Klasserommet hadde plass til 24 born og det var knytt til eit «Familiebekvemmelighed med en liten jordvei» til skulehuset. Huset er i dag i privat eige som fridtidsbolig.

Eit blått hus ved fjorden. På taket er det to ulike pipar. Langs den eine veggen står ein liten vedstabel. Eit lavt gjerde står mellom kameraet og huset.
Det gamle skulehuset ved Homrane i november 2022. Huset er no i privat eige.

Mundal skule

I 1950 vart det bygd ny skule på Pålsneset, som etter røysting i 1952 fekk namnet Mundal skule. Krinsen vart slege saman med Ytre Fjærland i 1957, men dei heldt fram med vinterskule i Ytre Fjærland fram til 1962-63. Borna frå Indre Fjærland vart flytta til Mundal skule i 1965. Før den tid hadde dei også mellom anna sløydundervising på Mundal.

Ei utviding av skulehuset sto ferdig i 1975, då det i tillegg vart bygd symjebasseng ved skulen. Det er i dag både barneskule og barnehage i drift i skulebygga.

Ei skule. Husa er malt raude. Utafor er det ein asfaltert leikeplass.
Fjærland (Mundal) skule i november 2022. Det er i dag barnehage i delen nærmast på biletet. Det eldste skulebygget kan sjåast over taket på barnehagebygget. I bygget på andre sida av plassen (lengst til venstre i bildet) er det symjebasseng.

Skuledagen

Skulevegen

Lærarar

Foto

Ein port i smijarn. Han er tredelt, kor orda "Fjærland" og "skule" er smidd inn midt i portane til høgre og venstre, mens årstalet 1952 er smidd inn i midten. "Fjærland skule" og "1952" er kvitmalt.
Porten til Fjærland skule på Pålsneset i november 2022.

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

  • Intervju med Sven Bjåstad, 21.11.2022


Koordinater: 61.398268° N 6.738359° Ø