Morken (Fyresdal): Forskjell mellom sideversjoner
Hopp til navigering
Hopp til søk
m (kildered.) |
(kategorisplitting) |
||
Linje 11: | Linje 11: | ||
*[http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=16&filnamn=f60831&gardpostnr=349&merk=349#ovre Folketeljinga i 1865 for 0831 Moland]. | *[http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=16&filnamn=f60831&gardpostnr=349&merk=349#ovre Folketeljinga i 1865 for 0831 Moland]. | ||
[[Kategori:Husmannsplasser | [[Kategori:Husmannsplasser]] | ||
[[Kategori:Fyresdal kommune]] | [[Kategori:Fyresdal kommune]] |
Sideversjonen fra 9. apr. 2013 kl. 11:24
Morken var ein husmannsplass under gnr. 83/1 Kvasjord som fyrst vart rydda og bygd kring 1817. Jordsmonnet er skrint, og dei fyrste som busette seg der vart enten fattige eller dei drog til Amerika. Morken ligg oppe i lia på vestsida av hovuddalføret vis-à-vis Veum–gardane.
Knut Olavson Morkji (1844-1917), og kona Augusta, fekk feste Morken frå Olav Kvasjord for levetida i 1877. Då hadde dei alt vore der i fleire år. Dei var gift i 1870 og Augusta Amalia Adamsdotter Westerlund (1838-1920) var frå Ekeby i Sverige.
Augusta var ei sers flink kokke som vart mykje bruka. Ho døydde i 1920, og etter den tid budde det ikkje folk på Morken. I 2011 er det berre kjellarmuren att av stovebygningen.
Kjelder og litteratur
- Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune, 1992.
- Veum, Bendik: Fyresdal. Ættebok. Fyresdal kommune, 1943. Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo.
- Folketeljinga i 1865 for 0831 Moland.