Nils Grotnes

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Nils Grotnes ca. 1950.
Foto: Ukjent.

Nils Jørgen Kornelius Grotnes (fødd i Nord-Rana 25. februar 1890, død 5. april 1961) var lærar og skulestyrar. Mest er han kjend som styrar for framhaldsskulen i Sel i Gudbrandsdalen i fleire tiår, og for å ha grunnlagt og styrt realskulen i bygda. Han var elles aktiv i offentleg styre og stell og i organisasjonslivet, ikkje minst kva gjeld ideelt ungdomsarbeid. I ei studentjubileumsbok karakteriserer han si eiga livsorientering i Christopher Bruuns ånd: «Kristeleg nasjonal (norskdom og kristendom)». Han var blant pådrivarane for å få inn nynorsk som skulemål i Gudbrandsdalen i 1930-åra. Politisk orienterte han seg mot Arbeidarpartiet. Han var aktiv i den sivile motstanden mot okkupasjonsregimet 1940-1945.

Familie

Foreldra var småbrukarar. Faren Elias Kristian Eliassen (1858-1927) kom frå småbruket Grønfjellet i Nord-Rana, mora Sara Lydia Nilsdotter (1864-1953) kom frå tilsvarande forhold på Fagerjorda i same bygda. Elias og Sara gifta seg i 1887. I folketeljinga 1900 er dei å finne som brukarar på Stupforsmoen, som dei forpakta nokre år. I 1902 flytta familien til Gråtneset, som dei kjøpte. Der har Nils Grotnes etternamnet sitt frå. Om familien har budd fleire stader enn på Stupforsmoen da dei kom til Gråtneset, framgår ikkje av gjennomgåtte kjelder. Nils var nest eldst av 10 sysken.

Han gifta seg i 1916 med Albertine Bergitte (Thine) Kristensen (fødd 1897) dotter til kjøpmann Peter Kristensen og Mathilde Amalie Mathiesen. Nils og Thine Grotnes fekk tre born fødde i tidsrommet 1917-1935.

Utdanning

Nils Grotnes fekk ei allsidig høgare utdanning. På folketeljingstidspunktet 1910 finn vi han som handels- og mellomskuleelev, innlosjert på Erikstad i Kasfjord hjå Sevald Lund og familien. Det var tre andre elevar som budde der. Den eine, Rolv Thesen, skulle bli kjend som litteraturvitar. Thesen og Grotnes beheldt venskapen frå skuledagane livet ut.

Grotnes tok eksamen ved Elverum lærarskule i 1913. Han tok examen artium som privatist på reallinja i 1922. Ved sida av lærarstilling var han deltidsstudent ved Universitetet i Oslo i åra 1924-1930. Der tok han førebuande prøver i filosofi, latin, gresk og hebraisk. Han hadde planar om å studere teologi, men fekk av praktiske og økonomiske grunnar ikkje realisert dette. Han var to semester ved Universitetet i Göttingen (Tyskland) i 1928 og 1929.

Lærar- og skulestyrar

Fyrste lærarposten Grotnes hadde, var i Værøy der han var i tre år. Sidan var han to år i Eide (Nordmøre) og fire år i Torsnes (Østfold). Så var han lærar ved Gudbrandsdal folkehøgskule i to år.

Han tok til i framhaldskulen i Sel i 1924, og var lærar og styrar der til han gjekk av med pensjon ved nyttår 1960. Han hadde eit opphald da han studerte i Tyskland i slutten av 1920-åra og dessutan under okkupasjonstida, da han arbeidde i folkeskulen på Otta (Sel). Framhaldsskulen var annakvart år på Nord-Sel og Otta fram til den vart gjort obligatorisk i 1952 og fekk fast tilhald på Otta.

I 1934 starta Grotnes Otta private realskule. Denne dreiv han på kveldstid med hjelp av to andre lærarar. Han heldt skulen gåande og var styrar i 12 år. Sidan vart privatskulen gjort om til ein interkommunal realskule for Sel, Vågå, Heidal og Nord-Fron fram til den vart nedlagd i 1971 og avløyst av den niårige ungdomsskulen.

Organisasjonsarbeid og offentlege verv

Nils Grotnes var aktiv på mange frivillige frontar. Han var med i ungdomslagsarbeid, og han starta og leia ei speiartropp på Otta. Han var fråhaldsmann og hadde verv som distriktstemplar i losje Gudbrandsdølen. Dessutan var han ein ivrig bilist og var formann i avdeling Nord-Gudbrandsdal av Norges Automobilforbund. Han oppgir elles sjølv i samlebiografiar at han har bilferie med camping som hobby.

...lærarlag, lærarmållag, språkskifteaksjonen 1937-1940 ...heradsstyre, skulestyre mm for Arbeidarpartiet

Motstandsarbeid

Referansar


Kjelder og litteratur