Norsk Barneblad: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: '''Norsk Barneblad''' har kome ut sidan 1887, og er eitt av dei eldste eksisterande blad for born i verda. Det kjem ut 11 månader i året pluss eit eige julehefte i desember, ''Jule...)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
'''[[Norsk Barneblad]]''' har kome ut sidan 1887, og er eitt av dei eldste eksisterande blad for born i verda. Det kjem ut 11 månader i året pluss eit eige julehefte i desember, ''Juletre''. Norsk barneblad var også lenge eit forlag som gav ut bøker og hefte utanom barnebladet. Språkforma i utgjevingane har alltid vore landsmål/nynorsk. Norsk barneblad har vore ein viktig del av målrørsla gjennom heile si historie, men har også hatt mykje å seie for utviklinga av underhaldnings- og kulturtilbod for born uavhengig av den målpolitiske ståstaden. Bladet og  bokutgjevingane har gjort mykje for å framdyrke norsk barnelitteratur, og ikkje minst for å gjere tilgjengeleg europeiske og amerikanske klassikarar på området. Norsk Barneblad var tidleg ute med bruk av teikneseriar. Mest kjend er ''[[Smørbukk]]'', som framleis er fast serie i bladet, og som også kjem ut som eige julehefte. Juleheftet ''[[Tuss og Troll]]'' har også vore ein suksess.
'''[[Norsk Barneblad]]''' har kome ut sidan 1887, og er eitt av dei eldste eksisterande blad for born i verda. Det kjem ut 11 månader i året pluss eit eige julehefte i desember, ''Juletre''. Norsk barneblad var også lenge eit forlag som gav ut bøker og hefte utanom barnebladet. Språkforma i utgjevingane har alltid vore landsmål/nynorsk. Norsk barneblad har vore ein viktig del av målrørsla gjennom heile si historie, men har også hatt mykje å seie for utviklinga av underhaldnings- og kulturtilbod for born uavhengig av den målpolitiske ståstaden. Bladet og  bokutgjevingane har gjort mykje for å framdyrke norsk barnelitteratur, og ikkje minst for å gjere tilgjengeleg europeiske og amerikanske klassikarar på området. Norsk Barneblad var tidleg ute med bruk av teikneseriar. Mest kjend er ''[[Smørbukk]]'', som framleis er fast serie i bladet, og som også kjem ut som eige julehefte. Juleheftet ''[[Tuss og Troll]]'' har også vore ein suksess. Bladet kom ut i [[Grimstad]] 1887–1902, i [[Oslo]] 1902–64, i [[Larvik]] 1964–91, deretter på nytt i Oslo. Eigar og utgjevar er Samyrkelaget Norsk barneblad. Redaktør er [[Nana Rise-Lynum]].
 
== Grunnlegging, føremål og verdigrunnlag ==
Bladet vart starta av den unge bondestudenten [[Kristen Stalleland]] frå [[Landvik kommune|Landvik]] ved [[Grimstad]]. Det var på fleire vis eit pionerarbeid, sjølv om det i 1880-åra også kom ut ei handfull andre blad for born og ungdom på riksmål. Det hadde også funnest eit nynorsk blad for unge tidlegare, nemleg ''Maaltrosten'', utgjeve av [[Lars Kinsarvik]] i [[Ullensvang kommune|Ullensvang]]. Men det kom ut berre det eine året 1874-1875.
 
Stalleland kalla fyrst bladet sitt for ''Sysvorti. Norskt Barnablad''. «Sysvorti» er eit dialektuttrykk for svarttrosten, og namnet var kanskje inspirert av Kinsarviks måltrost?

Sideversjonen fra 2. jun. 2016 kl. 11:50

Norsk Barneblad har kome ut sidan 1887, og er eitt av dei eldste eksisterande blad for born i verda. Det kjem ut 11 månader i året pluss eit eige julehefte i desember, Juletre. Norsk barneblad var også lenge eit forlag som gav ut bøker og hefte utanom barnebladet. Språkforma i utgjevingane har alltid vore landsmål/nynorsk. Norsk barneblad har vore ein viktig del av målrørsla gjennom heile si historie, men har også hatt mykje å seie for utviklinga av underhaldnings- og kulturtilbod for born uavhengig av den målpolitiske ståstaden. Bladet og bokutgjevingane har gjort mykje for å framdyrke norsk barnelitteratur, og ikkje minst for å gjere tilgjengeleg europeiske og amerikanske klassikarar på området. Norsk Barneblad var tidleg ute med bruk av teikneseriar. Mest kjend er Smørbukk, som framleis er fast serie i bladet, og som også kjem ut som eige julehefte. Juleheftet Tuss og Troll har også vore ein suksess. Bladet kom ut i Grimstad 1887–1902, i Oslo 1902–64, i Larvik 1964–91, deretter på nytt i Oslo. Eigar og utgjevar er Samyrkelaget Norsk barneblad. Redaktør er Nana Rise-Lynum.

Grunnlegging, føremål og verdigrunnlag

Bladet vart starta av den unge bondestudenten Kristen Stalleland frå Landvik ved Grimstad. Det var på fleire vis eit pionerarbeid, sjølv om det i 1880-åra også kom ut ei handfull andre blad for born og ungdom på riksmål. Det hadde også funnest eit nynorsk blad for unge tidlegare, nemleg Maaltrosten, utgjeve av Lars Kinsarvik i Ullensvang. Men det kom ut berre det eine året 1874-1875.

Stalleland kalla fyrst bladet sitt for Sysvorti. Norskt Barnablad. «Sysvorti» er eit dialektuttrykk for svarttrosten, og namnet var kanskje inspirert av Kinsarviks måltrost?