Olaus Olsen Mosaas

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 19. nov. 2011 kl. 23:55 av Aaemn784 (samtale | bidrag) (Ny.)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Annonse frå 1925.

Olaus Olsen Mosaas var fødd 1. september 1864Mosåsen i Vefsn, ikkje langt frå Mosjøen. Han var son åt gardbrukar og snikkar Ole Benjamin Kristiansson og Johanna Marie Jonsdotter.

Ein gong før 1900 forlét Olaus Mosaas Vefsn. Han fór nordover til Harstad, og der opna han i 1902 Harstad Papirforretning saman med Petter Dass Johansen Strauman. Han vart gift med Hansine Elise Ingebriktsdatter (fødd 13. mars 1872), ei kvinne frå Trondenes. Dei budde i Olavs gate 29. Ho døydde 19. september 1911 og ligg gravlagd på Tofta saman med far sin.

Somme år seinare var Olaus Mosaas tilbake i Mosjøen. Der dreiv han bokbinderi på sine eldre dagar.

Sjå òg

Litteratur og kjelder

Aviser og tidsskrift
  • Norsk Kundgjørelsestidende (08.12.1902).
Dokumenter, offisielle
  • Folketelling av 1865, Vefsn: Olaus J. Ols., Mosaasen eller Finhaugen
  • Folketelling av 1875, Vefsn: Olaus Jørgen Olsen, Mosås (Finhaugen)
  • Folketelling av 1900, Trondenes: Olaus Olsen Masaas
  • Folketelling av 1910, Harstad: Olaus M. Mosaas
Ymist
  • DIS-Norge: Gravminne i Noreg: ID 1927958