Olaus Olsen Mosaas
Hopp til navigering
Hopp til søk
Olaus Olsen Mosaas var fødd 1. september 1864 på Mosåsen i Vefsn, ikkje langt frå Mosjøen. Han var son åt gardbrukar og snikkar Ole Benjamin Kristiansson og Johanna Marie Jonsdotter.
Ein gong før 1900 forlét Olaus Mosaas Vefsn. Han fór nordover til Harstad, og der opna han i 1902 Harstad Papirforretning saman med Petter Dass Johansen Strauman. Han vart gift med Hansine Elise Ingebriktsdatter (fødd 13. mars 1872), ei kvinne frå Trondenes. Dei budde i St. Olavs gate 29. Ho døydde 19. september 1911 og ligg gravlagd på Tofta saman med far sin.
I Harstad hadde Mosaas ein bokbinderlærling, Ole Andreas Rasmussen, f. 1880.
Nokre år seinare var Olaus Mosaas tilbake i Mosjøen. Der dreiv han bokbinderi på sine eldre dagar.
Sjå òg
Litteratur
- Aviser og tidsskrift
- Norsk Kundgjørelsestidende (08.12.1902).
- Dokument, offisielle
- Folketeljing av 1865, Vefsn: Olaus J. Ols., Mosaasen eller Finhaugen
- Folketeljing av 1875, Vefsn: Olaus Jørgen Olsen, Mosås (Finhaugen)
- Folketeljing av 1900, Trondenes: Olaus Olsen Masaas
- Folketeljing av 1910, Harstad: Olaus M. Mosaas
- Ymist
- DIS-Norge: Gravminne i Noreg: ID 1927958