Peder von Todderud

Sideversjon per 6. nov. 2012 kl. 19:13 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: '''Peder Gulbrandsen von Todderud''' (fødd i Stange den 17. juli 1691, død i Vang, nåverande Hamar kommune, den 30. mai 1772) var ei...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Peder Gulbrandsen von Todderud (fødd i Stange den 17. juli 1691, død i Vang, nåverande Hamar kommune, den 30. mai 1772) var ein offiser som mellom anna utmerka seg under Den store nordiske krig. Han var fødd i bondestand, men oppnådde generalmajors grad og fekk dermed adelskap. Han kjøpte den adelege setegarden Åker i Vang, og budde der dei siste tjue åra av sitt liv. Han vart kjend for sitt framtidsretta jordbruk i ein tidleg fase av Opplysningstida.