Petsjenga

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Petsjenga (frå Mal:Ru. Печенга) eller Petsamo (frå Mal:Fi. og Mal:Sv.), frå skoltesamisk Peäccam (Mal:Nordsam. Beahcán) er namnet på landområdet rett austom grensa mellom Sør-Varanger kommune i Norge og Murmansk fylke i Russland. Området er skoltesamisk frå gammalt av, og i si moderne utstrekning utgjer området austdelen av Pasviksiidaen, heile Petsamosiidaen og den vestlige delen av Suenjel-siidaen. Området vart lagt til Russland i 1533. I og med Tartutraktaten i 1920 vart mesteparten av området lagt til Finland, men i 1944 vart det innlemma i den daverande Sovjetunionen og utgjer i dag hovuddelen av Petsjengskij rajon i Russland.