Rørossamisk: Forskjell mellom sideversjoner
m (Teksterstatting – «[[Kategori:Hedmark fylke» til «Kategori:Innlandet fylke [[Kategori:Hedmark») |
(kat) |
||
Linje 9: | Linje 9: | ||
== Lenkjer == | == Lenkjer == | ||
* [http://www.samisk.no/ Aajege] - samisk språk- og kompetansesenter (Røros) | * [http://www.samisk.no/ Aajege] - samisk språk- og kompetansesenter (Røros) | ||
[[Kategori:Samiske språk]] | |||
[[Kategori:Sørsamisk historie og kultur]] | |||
[[kategori:Røros kommune]] | [[kategori:Røros kommune]] | ||
[[Kategori:Holtålen kommune]] | [[Kategori:Holtålen kommune]] | ||
[[Kategori:Nord-Østerdalen]] | [[Kategori:Nord-Østerdalen]] | ||
[[Kategori:Innlandet fylke]] | [[Kategori:Innlandet fylke]] |
Nåværende revisjon fra 12. mai 2023 kl. 12:27
Rørossamisk, òg kjent som herjedalssamisk eller sørlig jämtlandssamisk, er den sørligaste av dei tre overlevande hovuddialektane av sørsamisk — og den sørligaste av alle dei nolevande samiske dialektane. I Noreg blir rørossamisk tradisjonelt snakka i området frå Nord-Østerdalen og Trollheimen i sør til Tydalsområdet i nordaust, og i Sverige blir han snakka så langt sør som i Idre og Särna. Blant dei mest kjennspake trekka kan nemnast bevart m i endingar der nordligare dialektar har svekking til b, så vel som mykje overgang frå -oe til -a i endingar. Andre viktige trekk er gjennomgripande palatalisering av s til sj føre fremre vokal (goåssjie (gåessie)); hyppig overgang a > sj føre n (Nörjisjn (Nöörjesne), sjeæterisjnie (seaterisnie)) og t (Sjtaala (Staaloe), sjisjtie (sistie)); så vel som ein del apokope av korte vokalar.
Litteratur
- Bergsland, Knut: Røros-samiske tekster. A.W. Brøggers boktr., 1943.
- Bergsland, Knut: Røros-lappisk grammatikk : et forsøk på strukturell språkbeskrivelse. (Instituttet for sammenlignende kulturforskning. Serie B. Skrifter ; 43) Oslo : Aschehoug, 1946.
- Hilmo, Jo Vegard: Språksamfunn i grenseland: Ein sosiolingvistisk studie av språk og språkoppfatningar i Tydalen. Masteroppgave, Institutt for nordistikk og litteraturvitenskap. NTNU, 2012.[1]
- Lagercrantz, Eliel: «Gebirgsdialekt in Tännäs, Hede, Härjedalen», i Eliel Lagercrantz: Synopsis des Lappischen, Oslo : Oslo Etnografiske Museum, 1941, s. 325–225.
Lenkjer
- Aajege - samisk språk- og kompetansesenter (Røros)