Ragna Rytter

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 24. feb. 2021 kl. 17:45 av Aslak Kittelsen (samtale | bidrag) (Ny side: {{under arbeid}} {{thumb|IOGT-bilder 6.jpg|Ragna Rytter. Foto frå boka ''Godtemplarordenen i Norge 1927-1977'' (1976).}} '''Ragna Rytter''' (født 26. juli 1885 i Verdal, død 7…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Ragna Rytter. Foto frå boka Godtemplarordenen i Norge 1927-1977 (1976).

Ragna Rytter (født 26. juli 1885 i Verdal, død 7. januar 1972) var folkehøgskulelærar, forfattar og fråhaldskvinne. Ho ga ut fleire diktsamlingar, dei fleste på landsmål, og var dessutan ei av opphavskvinnene til trønderbunaden.

Liv og virke

Rytter vart fødd i Verdal, og var dotter av Berit Prestbakken frå Melhus og Johan Gunnerius Ryther (1858-1900) frå Kristiansund. Faren arbeidde som lærar i ulike bygder i Trøndelag: frå 1882 i Verdal, frå 1886 i Melhus, og frå 1893 i Stadsbygd. Rytter skriv sjølv om si eiga oppvekst at ho «arbeidde ved strikkemaskina om vintrane og på allslags utearbeid hos bøndene om somrane».[1] I 1917 byrja ho å studere ved Levanger lærarskule, og ho tok eksamen her i 1919.

I 1919 vart Gauldal folkehøgskule i Melhus (i dag Trøndertun) grunnlagt, og Rytter vart tilsett frå starten av. Ho verka som lærar i teoretiske og praktiske fag fram til 1950. I løpet av desse åra tok ho etterutdanning ved ei lærarhøgskule i åra 1926/1927, og tok elles ymse kurs om somrane. Rytter var òg engasjert i fråhaldssaka, og var rådsmedlem i Uttrøndelag distriktslosje av IOGT i over tretti år, samt at ho redigerte meldingsbladet Solveg i den same losjen i åra 1932-1954.

Ho skreiv seks diktsamlingar i løpet av livet. Den fyrste, Fjeldets sange (1910), var skriven på dansk, men dei fem neste skreiv ho på landsmål.

I 1920-åra verka Rytter saman med to andre lærarar med å utarbeide ein kvinnebunad for Trøndelag, dei andre to var Kaspara Kyllingstad frå Torshus folkehøgskule og Ingeborg Krokstad frå Inntrøndelag husmorskule. Trønderbunaden vart ferdig i 1923, og er ein populær bunad i dag. I 1950-åra sette ho òg saman mannsbunaden frå Gauldalen.

Diktsamlingar

Andre verk

Noter

  1. Rytter 1956, side 91.

Litteraturliste