Rennebu historielag

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. apr. 2012 kl. 21:58 av Siri Iversen (samtale | bidrag) (lenker)
Hopp til navigering Hopp til søk

Rennebu historielag vart starta i 27. desember 1949 og er historielag for Rennebu kommune i Sør-Trøndelag. Ingebrigt O. Rokkones tok initiativet i 1947 ved å sende eit brev til kommunestyret med oppmoding til å oppnemne ein nemnd som kunne førebu skipinga av eit historielag. Kommunestyret nemnde opp ein person frå kvar av dei åtte skulekrinsane som var da: Aune, Voll, Refshus, Berkåk, Nordskogen, Gisnås, Havdal og Nerskogen.

Nemnda førehandsteikna over 100 medlemer før skipingsmøtet. Det første styret vart Ingebrigt Ytterhus, leiar, Arnt Kjelland, nestleiar, Ingebrigt P. Gunnes, skrivar, Jon Gunnes, kassserar og I. O. Rokkoneds, styremedlem.

Alt året etter, i 1950, kom det første årsskriftet til laget.

Kjelde

Eksterne lenker