Riksheim: Forskjell mellom sideversjoner

litt småfiks
(lenker, kategorier)
(litt småfiks)
Linje 1: Linje 1:
'''Riksheim''' er ein gard i [[Sykkylven]], på sørsida av Sykkylvsfjorden. Garden grensar mot [[Riksheimgjerde]] og [[Straumsheim]] i aust og [[Erstad (Sykkylven)|Erstad]] i vest.
'''[[Riksheim]]''' er ein gard i [[Sykkylven]], på sørsida av Sykkylvsfjorden. Garden grensar mot [[Riksheimgjerde]] og [[Straumsheim]] i aust og [[Erstad (Sykkylven)|Erstad]] i vest.

Namnet finst i kjelder frå kring år 1200 med dativforma Rikisheimi, og [[Oluf Rygh]] trur at første lekk kjem av gn. riki, som tyder makt eller gjævleik og at namnet såleis tyder «ein stor, gjæv gard». Frå 1520 finn ein forma Rigesym, i 1603 Rigsem, i 1617 Rigsemb og sidan i lang tid Riksem eller Rixem. Overgangen frå Riksem til Riksheim gjekk parallelt med overgangen frå Strømsem til Strømsheim. Og Riksheim vart då einerådande, medan formene Strømsheim og Straumsheim enno konkurrerer som familienamn. Heimendinga tyder på at begge desse gardane er gamle.  
Namnet finst i kjelder frå kring år 1200 med dativforma Rikisheimi, og [[Oluf Rygh]] trur at første lekk kjem av gn. ''riki'', som tyder makt eller gjævleik, og at namnet såleis tyder «ein stor, gjæv gard». Frå 1520 finn ein forma ''Rigesym'', i 1603 ''Rigsem'', i 1617 ''Rigsemb'' og sidan i lang tid ''Riksem'' eller ''Rixem''. Overgangen frå Riksem til Riksheim gjekk parallelt med overgangen frå Strømsem til Strømsheim. Og Riksheim vart då einerådande, medan formene Strømsheim og Straumsheim enno konkurrerer som familienamn. [[Gardsnamn#-heimr|Heimendinga]] tyder på at begge desse gardane er gamle.  

=== Tømmereksport ===
== Tømmereksport ==
Riksheim ligg ved Sykkylvsfjorden, utanfor Riksheimgjerde og innanfor Erstad. Gjennom garden renn Riksheimelva, som i gammal tid dreiv sag og kvernar, og som etter temjing av fossen gir bygda elektrisk kraft.  

Linje 10: Linje 10:
I 1818 vart det oppført ei ny sag på Riksheim. Brukarane av dei tre hovudbruka åtte saga, som stod på deira eigen grunn ved Riksheimelva, på sørsida eit stykke frå sjøen, der lendet er heller flatt. Difor vart det lagt ned mykje arbeid på sagveita, som enno er godt synleg. I 1819 var der synfaring på saga. Då hadde dei søkt om løyve, men enno ikkje fått svar. Saga kunne berre drivast i flaumtida, og på sine eigne gardar hadde dei ikkje eit einaste tre til tømmer. Heller ikkje på grannegardane fanst det skog. Alt tømmer til å skjere måtte førast dit frå Borgund på den andre sida av Storfjorden, 1½ til 2 mil borte. Skurden, meinte dei kunne bli 10 tylfter årleg til ca. 40 spd.  

=== Fiske ===
== Fiske ==
Også kvernane vart drivne med vasskraft frå elva. Av forliksprotokollen frå 1797 går det fram at brukarane på Straume og [[Straumgjerde]] også mol kornet sitt på Riksheim. Seinare kom andre til. Fram til 1910 var der 10 kvernar. På sørsida av elva, 100 m frå sjøen stod Tømmeskverna og Tandstad-kverna som Johannesgarden og Jakobgarden hadde i lag. Litt lenger oppe stod ei beinmylne.  

Linje 19: Linje 19:
Riksheim Notlag var kjent for framifrå fiske og sjømannskap. Samanheng med notlaget har stadnamnet Bytningane. Når dei hadde brukt sildenota la dei til lands på neset innanfor notanaustet, tok fangsten på land og bytte lutane. Det var 23 mann som åtte nota, og mannslut og notalut vart lagde utover marka. Ein mann fekk bind for augo og ein annan gjekk og peika på ein og ein lut og spurde: «Kven skal ha denne?» Slik gjekk bytinga for seg og slik vart stadnamnet til.- Notlaget eksisterte heilt til 1917. Den 15. januar var det tillyst auksjon over naust og andre eignalutar utan at nokon baud på det. Men den 24. mai same året vart notlaget oppløyst og all eigedom seld for kr. 1784,73.  

=== Plassemenn ===
== Plassemenn ==
Ved utskiftinga i midten av 1880-åra var det ingen som flytte ut, men tunet har vorte regulert noko seinare. Ein del av Krissengard-stova (gamlestova) vart flytt opp til ein husmann. Før utskiftinga av innmarka var slåttemarka teigbytt, men det var store teigar, noko som kan tyde på at der hadde vore ei utskifting tidlegare. Kvart bruk hadde eit samla stykke av den gamle åkeren på Fløten, som låg til sides og ned for tunet. Denne åkeren var skild frå slåttemarka ved eit gjerde. Når dei sleppte krøtera på bøen om hausten stengde dei ei grind i gjerdet og lét krøtera beite på slåttemarka inn mot Riksheimgjerde. Det var ikkje gjerdt mot Riksheimgjerde, og då det ikkje var sambeite mellom dei to gardane, måtte dei på Riksheimgjerde passe på å jage riksheimkrøtera vekk frå si mark. Det var først rundt siste århundre-skifte at det vart sett opp gard på bømarka mellom Riksheim og Riksheimgjerde. Mot Erstad har der vore hagard frå gammalt av. Teigen under Riksheim var eit slåttemarkstykke mellom Straumsheim og Riksheimgjerde. Der er ikkje minne om korleis Riksheim har fått det mark-stykket. Teigen rekk midtvegs opp til bøgarden. Der er ikkje sett opp gjerde mellom Teigen og Straumsheim.  

Linje 28: Linje 28:
Før siste krig vart det grave ein stor kanal på Riksheimmyrane av alle brukarane på Riksheim, slik at meir jord kunne dyrkast. I 1940 vart bøgarden flytt, og med det vart heile dei flate myrane lagt til innmarka. Alle brukarane tok då til med nydyrking.

=== Kraftverk og industri ===
== Kraftverk og industri ==
Etter omgangsskuletida var Riksheim eigen skulekrins, saman med gardane Riksheimgjerde og Erstad. Kjøpekontrakta for skuletomta er datert 4. juni 1891 og truleg vart skulebygget reist og teke i bruk i 1892 eller 1893. I 1955, etter at det vart bygt ny skule i Tandstad krins, vart Riksheim skule lagt ned og elevane flytte til skulen i Straumgjerde. Riksheimskulen vart demontert og materialane låg i mange år vekkstua. I midten av 1990-åra tok nokre oppsitjarar på Riksheim initiativ til å setje opp att skulen for å kunne nytte han som samlingshus for krinsen. I 1996 starta gravearbeidet og fire år seinare var huset ferdig i det ytre.

Også Riksheim fekk sin del av industrireisinga i Sykkylven. Den første trevarefabrikken var [[Riksheim Trevarefabrikk]]. Etter krigen kom [[L.P. Riksheim Treindustri AS|Lars P. Riksheim]] i gang med ei dreieverksemd. Grunnlaget for industrireisinga i Sykkylven var etableringa av Sykkylven kommunale kraftverk som vart bygt på Riksheim i [[1918]].

===Kjelder:===
==Kjelder==
*Ragnvald Gjævenes: ''Gardssoga for Sykkylven''. Bd. 3. Sykkylven 1983.

*Jens Petter Riksem: «Riksheim skule». Artikkel i ''Årbok for Sykkylven 2000''.  

28 932

redigeringer