Roevegen

Sideversjon per 4. jan. 2020 kl. 00:30 av Rool (samtale | bidrag) (Endret kommune.)

Roevegen i i Midt-Telemark kommune går sørover frå Lundevegen i krysset med Kyrkjevegen. Den kryssar under jernbanen ved tidlegare Staurheim haldeplass og fortsett gjennom Roegrenda til kommunegrensa mot Nome der han går over i Myhrevegen.

Roevegen sett nordover.
Foto: Roy Olsen (2017).

Vegen har namn etter Roegardane og blei namnsett i 1988. Han går gjennom skog og jordbrukslandskap og er 2 km lang.

Vegen passerer gardane Staurheim, Roe, Hynne og Bergland.

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no


Koordinater: 59.39950° N 9.05160° Ø