Rundtomvegen (Sauherad)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 5. jan. 2020 kl. 20:15 av Rool (samtale | bidrag) (Endret kommune.)
Hopp til navigering Hopp til søk
Parti frå Rundtomvegen.
Foto: Roy Olsen (2018).

Rundtomvegen i Sauherad i Midt-Telemark kommune er ein privat skogsbilveg som går nordover i bratt lende frå Holtandamtjønnvegen. Eit stykke vest for Dyrud Damtjønn går vegen over i Skardalstjønnvegen.

Vegen er om lag 4,3 km lang og har bom etter 600 m. Han startar på 227 og endar på 437 moh., ein høgdeforskjell på 210 m. Tidlegare skogbrukssjef Halvor Fjones namnsette denne og mange andre skogsbilvegar i Sauherad kommune med innspel fra grunneigarar. Desse blei skilta i 2001-2002 med treskilt. Offisielt namnevedtak blei gjort i 2016.

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Sauherad kommune, Utvalg for næring, plan og teknikk, div. dok.


Koordinater: 59.40727° N 9.21068° Ø