Sigrid Skarpmoen

Sigrid Gulbrandsdotter Skarpmoen (20. mars 1834 – 17. april 1935).[1] var gardkone.

I mønsåsstova på Nedre Skarpmoen, Sigrid Skarpmoen sit ytst til høgre.

Sigrid Skarpmoen var dotter av Gulbrand Tovsson Fløtrud (1806-1896) og Inge Knutsdotter Høyset (1805-1896). Foreldra åtte og dreiv Øvre Høyset i Veggli fram til 1860 da dei selde garden og kjøpte Søre Veggli ("Søre Prestgarden") der dei så busette seg og dreiv både Nordre og Søre Veggli.[2] Sigrid gifta seg i 1860 med Knut Arnesson Skarpmoen (1836-1922) frå Nedre Skarpmoen i Rollag. I 1865 kjøpte Arne Nedre Skarpmoen av foreldra, og han og Sigrid dreiv garden fram til dei overdrog garden til einaste sonen, Arne (1861-1930) og levde som føderådsfolk på Nedre Skarpmoen etter det.[3] Det er eit tipptippoldebarn av Sigrid som eig og driv garden i dag (2019).

Som gardkone hadde Sigrid ansvaret for husstell og fjøsstell på garden. I folke- og husdyrteljinga i 1865 vart det registrert ein hest, sju storfe, ti sauer, seks geiter og ein gris på garden. Vêrfar hennar, Arne Knutsson, var føderådsmann. I tillegg til familien budde det ein tenestegut og ei tenestejente på garden.[4] Det hadde vore to husmannsplassar til Nedre Skarpmoen. I1865 budde det framleis folk med husmannskontrakt på livstid i husmannsplassen Rykkinn, men ti år seinare stod plassen tom. Den tidlegare husmannsplassen Kleiv var skild frå som eige bruk og låg ikkje lenger under Nedre Skarpmoen.[5]

Sigrid døydde i 1935, 101 år gammal. Ho vart gravlagd på kyrkjegarden i Rollag.[6]

Referansar

  1. https://www.disnorge.no/gravminner/vis.php?id=06&mode=ko
  2. Hoff, Knut (u.å.): Rollag Bygdebok. Ætt og gard og grend. Bd. 2, s. 15..
  3. Hoff, Knut (u.å.): Rollag Bygdebok. Ætt og gard og grend. Bd. 3, s. 21.
  4. https://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0632&kenr=002&bnr=0046&lnr=000
  5. Hoff, Knut (u.å.): Rollag Bygdebok. Ætt og gard og grend. Bd. 3, s. 22.
  6. https://www.disnorge.no/gravminner/vis.php?id=06&mode=ko