Sukat er salta, gjæra og kandisert skal av søtsitron (sukatsitron, Citrus medica). Søtsitron skil seg ut frå andre sitrusfrukter ved den særs tjukke albedoen (det kvite innerskalet), som er hovudingrediensen i sukat. Dei ferdigsalta og gjæra skala, som vert kalla cedrat, vert kokt i sukkerlake og tørka. Det er særleg i Hellas og Italia at ein produserer cedrat. Ei billigare sukaterstatning vert laga av gresskar.

Sukatar.
Foto: Olve Utne (2009).

Sukat vert nytta i bakst, dessert og konfekt. I Noreg er det vel kringla og julekaka som er dei mest kjende bakverka med sukat.

Kjelder