Sulukollvegen i Sauherad kommune går vestover frå Strannavegen ved Årnes og deler seg i fleire greiner som går til gardsbruk og einebustader.

Sulukollvegen sett austover.
Foto: Roy Olsen (2018).

Vegen er utan fast dekke og går i jordbrukslandskap med innslag av skog. Han har namn etter dei to kollane Store og Vesle Sulukollen som ligg noko i nordvest.


Kilder

  • Kartverket, norgeskart.no


Koordinater: 59.28430° N 9.25205° Ø