Sunnfjord kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 12. feb. 2020 kl. 14:24 av Kallrustad (samtale | bidrag) (lett redigering)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Sunnfjord kommune
Sunnfjord komm.png
Basisdata
Kommunenummer 4647
Fylke Vestland
Kommunesenter Førde
Areal 2207.62  km²
Areal land 2073.04  km²
Areal vatn 134.58  km²
Folketal 21 959 (2018)
Grunnlagt 2020
Målform Nynorsk

Sunnfjord kommune i Vestland fylke vart skipa 1. januar 2020, då kommunane Førde, Naustdal, Jølster og Gaular vart samanslegne. Kommunen, som omfattar området kring Førdefjorden og Holsendalen, grensar til Askvoll i vest, Gloppen i nord, Skjåk i aust og Høyanger i sør.

Førde er den klart største tettstaden og administrasjonssenter i kommunen.

Samanslåing og kommunenamn

Kommunane Førde, Naustdal, Jølster og Gaular i Sunnfjord vedtok i 2016 å slå seg saman. Dette skjedde i samband med Kommunereforma 2014-2018, og vedtaket vart godkjent av Stortinget i juni 2017.

Dei fire kommunane var allikevel ikkje samde om kommunenamnet. Førde og Naustdal ville helst ha Førde som nytt namn, medan Jølster og Gaular ønskte Indre Sunnfjord. Tidlegare hadde dei rett nok vore einige om at Sunnfjord kunne vere eit godt namn, og sjølv om Språkrådet ikkje rådde til dette alternativet sidan distriktet Sunnfjord omfattar eit større område, valde allikevel Kommunal- og moderniseringsdepartementet 19. desember 2017 dette som namn på den nye kommunen.

Lokalpolitikk og ordførarar

Etter kommunevalet 2019 vart Olve Grotle frå Høgre vald til den fyrste ordføraren i Sunnfjord kommune. Jenny Følling (Sp) vart varaordførar.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer