Forside:Sunnfjord kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: HordalandSogn og Fjordane (Distrikt: Sogn • Sunnfjord • Nordfjord)
KOMMUNE: Askvoll • Aurland • Bremanger • Fjaler • Gloppen • Gulen • Hyllestad • Høyanger • Kinn • Luster • Lærdal • Sogndal • Solund • Stad • Stryn • Sunnfjord • Vik • Årdal
TIDLIGERE KOMMUNE: Førde • Gaular • Jølster • Naustdal

Om Sunnfjord kommune
Sunnfjord sitt kommunevåpen.
Sunnfjord kommune i Vestland fylke vart skipa 1. januar 2020, då kommunane Førde, Naustdal, Jølster og Gaular vart samanslegne. Kommunen, som omfattar området kring Førdefjorden og Holsendalen, grensar til Askvoll i vest, Gloppen i nord, Skjåk i aust og Høyanger i sør.

Førde er den klart største tettstaden og administrasjonssenter i kommunen.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Skulehistorie i Førde skal gi ei oversikt over skulekrinsar, skulehus, skulevegar, statistikk, kjelder og arkiv frå tidlegare Førde kommune si skulehistorie. Målet er å utvide denne artikkelen med mest mogeleg fakta. Bidra gjerne med meir informasjon.   Les mer …

Arnvid Førde.
Foto: Faksimile fra Oppland landbruksselskap 150 år (1980)
Arnvid Førde (født 16. juli 1919 i Breim, død 1. juni 2013 på Gjøvik) var en sentral person i norsk landbruk i etterkrigstida, først som landbruksskolestyrer og dernest som fylkeslandbrukssjef. Førde var ordfører i Nærøy kommune i Nord-Trøndelag 1957/58, etter å ha vært varaordfører 1955-57. I 1972/73 var han statssekretær i Landbruksdepartementet. Fra 1976 til 1988 var Arnvid Førde formann i Samarbeidsorganet for Riksoppgjøret, der han sammen med landbruksorganisasjonene leda omorganiseringa av norsk meieribruk.   Les mer …

Henrik Olaus Aardalsbakke
Foto: Norske skolefolk (1952)
Henrik Olaus Aardalsbakke (fødd 18. oktober 1879 i Jølster, død 2. desember 1956) var lærar og lokalpolitikar for Venstre i Davik kommune. Fornamnet har òg vore skrive Hendrik.

Han var son av bonde Jakob Aardalsbakke og Danhilde Jensdotter. Henrik Olaus Aardalsbakke gjekk mellomskulen og tok eksamen ved Hambros skole i Bergen i 1900. Etterpå byrja han på Volda lærarskule, der han vart uteksaminert i 1903.

Aardalsbakke vart som nyutdanna tilsett som lærar i Davik i 1903. Han hadde fyrst krinsane Endal, Lefdal og Haus, men etter krinsregileringa i 1918 arbeidde han i krinsane Davik og Endal.   Les mer …

Jølster kommune var ein kommune i Indre Sunnfjord i Sogn og Fjordane fylke. Kommunen grensa i nord til Gloppen og Stryn, i aust til Luster og Balestrand, i sør og i vest til Førde, og i nordvest til Naustdal. I samband med Kommunereforma 2014-2018 vedtok kommunane Førde, Naustdal, Jølster og Gaular i 2016 å slå seg saman til Sunnfjord kommune, med verknad frå 1. januar 2020.

Ein person som kjem frå Jølster, vert kalla jølstring.   Les mer …

Nikolai Astrup
Nikolai Astrup (18801928) er rekna som ein av dei største norske kunstmålarane frå tidleg 1900-tal. Kunstnaren sette pris på sterke, klare fargar og skildra oftast natur, hovudsakleg frå heimbygda si i Jølster. Astrup tilhøyrde den nyromantiske rørsla av kunstnarar. Fleire av bileta hans, som vert rekna som naivistiske og ekspressive, er selde for millionsummar i dei store auksjonshusa i Europa. Medan kunstnaren sjølv var i live gav han dei same bileta vekk i byte mot mat. Han studerte kunst hos Harriet Backer mellom 1899 og 1901 og hos Christian Krohg i Paris i 1902. I tillegg til måleri er han også kjend for tresnittarbeida sine.   Les mer …

Kåre Lunden på trappa til barndomsheimen i Naustdal.
Foto: Odd Byrkjeflot
(2010)

Kåre Lunden (fødd 8. april 1930 i Naustdal, død 18. juli 2013 i Oslo) var blant etterkrigstidas mest innflytelsesrike historikarar i Noreg. Han vart tidleg i karrieren kjend for sin vilje til å snu om på aksepterte teoriar, og til å stå på sitt i debatten som følgde. Ikkje minst vart han kjend for på fruktbart vis å integrere teori og tenkjemåtar frå andre samfunns- og kulturfag, særleg sosialantropologien, i studiane av det gamle samfunn.

Kåre Lunden hadde eit sterkt samfunnsengasjement. Både i historieforskinga og elles hadde han eit grunnsyn som kan seiast å vere nasjonalt, folkeleg og demokratisk.Lunden var son av småbrukar og anleggsarbeidar Ludvik Kristoffersen Lunden og Hilda Simonsdotter Indrekvam. Kåre var nest eldst av fem søsken. Yngste søstera Eldrid Lunden har markert seg som ein nyskapande lyrikar, medan broren Olav Lunden (1937-2011) var lektor. Kåre Lunden vart i 1959 gift med Reidun Tordis Renaas, som var apotekar   Les mer …
 
Sjå òg


 
Kategoriar for Sunnfjord kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar