Svalbardrein

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Svalbardrein.
Foto: Per Harald Olsen

Svalbardrein (Rangifer tarandus platyrhynchus), òg kalla spitsbergenrein, er ein underart av rein som har si naturlige utbreiing på Svalbard. Svalbardreinen skil seg frå den nærmaste slektningen sin, den hovudsaklig midt- og nordskandinaviske fjellreinen, blant anna ved at han er mindre og tettare bygd, ved det korte og relativt runde hovudet, og ved vinterpelsen, som er heilt lys. Underarten har vore freda sidan 1925, og i 2000 vart bestanden rekna å vera kring 11 000 dyr.

Utsjånad og levevis

Svalbardreinen har i praksis ingen naturlige fiendar, ettersom det einaste landpattedyret han i stor grad deler territorium med er den vesentlig mindre fjellreven, medan isbjørnen stort sett held seg i og ved sjøen og berre unntaksvis tek rein.[1] Den viktigaste bestandsregulerande faktoren er tilgang på mat. I år med vekslande mildvêr og snø kan beita låse seg — det vil seie at ein får eitt eller fleire lag av is eller skare som er ugjennomtrengjande for reinen. I løpet av slike vintrar kan mange av dei eldste og yngste dyra svelte ihel.

Utbreiing

Reinen og menneska

Jakt

Forsking

Fotnotar

Bibliografi

Lenkjer