Synagoge: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Linje 3: Linje 3:


== Synagogerommet ==
== Synagogerommet ==
Ein synagoge kan vera ei eiga bygning eller eit rom i ei bygning. Synagogen inneheld normalt minimum: ein ''Hekhál'' (S) / '''Aron kódesj'' (A) (ark, toraskåp) med minst éin ''sefer'' (torarull); ein ''ner tamíd'' (evig lys); og eit bord (sjulḥán, òg kalla tebá) som Toráen blir lagt på når ein les frå honom — og sjølvsagt sitteplassar for minst ein minján. I tillegg har bortimot alle synagogar ein ''dukhán'' — ei plattform som Hekhál står på; og ein ''tebá'' (S) / ''almemmár'' (A) / ''bima'' (A) — ei plattform som lesebordet (sjulḥánen) står på.
Ein synagoge kan vera ei eiga bygning eller eit rom i ei bygning. Synagogen inneheld normalt minimum: ein ''Hekhál'' (S) / ''Aron kódesj'' (A) (ark, toraskåp) med minst éin ''sefer'' (torarull); ein ''ner tamíd'' (evig lys); og eit bord (sjulḥán, òg kalla tebá) som Toráen blir lagt på når ein les frå honom — og sjølvsagt sitteplassar for minst ein minján. I tillegg har bortimot alle synagogar ein ''dukhán'' — ei plattform som Hekhál står på; og ein ''tebá'' (S) / ''almemmár'' (A) / ''bima'' (A) — ei plattform som lesebordet (sjulḥánen) står på.


== Synagogar i Noreg ==
== Synagogar i Noreg ==

Sideversjonen fra 2. mar. 2015 kl. 10:50

Inni synagogen i Trondheim.
Foto: Olve Utne

Ein synagoge, oftast kalla esnoga (frå jødespansk) blant portugisarjødar og sjul (frå jiddisch; òg skrive sjol, schul o.l.) blant asjkenaziske jødar, er ei bygning (eller ein del av ei bygning) for jødisk religionsutøving.

Synagogerommet

Ein synagoge kan vera ei eiga bygning eller eit rom i ei bygning. Synagogen inneheld normalt minimum: ein Hekhál (S) / Aron kódesj (A) (ark, toraskåp) med minst éin sefer (torarull); ein ner tamíd (evig lys); og eit bord (sjulḥán, òg kalla tebá) som Toráen blir lagt på når ein les frå honom — og sjølvsagt sitteplassar for minst ein minján. I tillegg har bortimot alle synagogar ein dukhán — ei plattform som Hekhál står på; og ein tebá (S) / almemmár (A) / bima (A) — ei plattform som lesebordet (sjulḥánen) står på.

Synagogar i Noreg

Hovudrommet i den tidligare synagogen i St. Jørgensveita i Trondheim.
Foto: Ukjent, tidleg i 1920-åra

Fram til grunnlovsforbodet mot jødar i 1814 var det i varierande grad lovlig for portugisarjødar å bu og arbeide i Noreg, men antalet portugisarjødar var aldri høgt, og det var forbod mot ikkje-kristen religionsutøving. Det kan nok ha vore gudstjenester i privatbustader, men det finst av naturlige årsaker ikkje nokon synagogar frå perioden. Frå 1814 til 1844 var det totalforbod mot jødar i Noreg. Forbodet vart oppheva att for portugisarjødar i 1844, og for asjkenaziske jødar i og med grunnlovsendringa i 1851. I og med endringa av dissenterloven i 1891 vart det lov å organisere jødiske trussamfunn, og Det Mosaiske Trossamfund i Oslo vart stifta i 1892. Dei heldt først gudstenester i Mariboes gate 10 i Oslo, men i 1897 vart aktiviteten flytta til større lokale i Osterhaugsgata, der dei installerte innreiinga frå ein nedlagt synagoge i Horsens i Danmark. Den første synagogen i Trondheim vart innvigd i 1899 i St. Jørgensveita 7.

Inni Synagogen i Bergstien i Oslo.
Foto: Olve Utne

Fotnotar

Kjelder

Sjå òg