Synagoge

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Inne synagogen i Trondheim.
Foto: Olve Utne

Ein synagoge, oftast kalla esnoga (frå jødespansk) blant portugisarjødar og sjul (frå jiddisch; òg skrive sjol, schul o.l.) blant asjkenaziske jødar, er ei bygning (eller ein del av ei bygning) for jødisk religionsutøving.

Synagogar i Noreg

Hovudrommet i den tidligare synagogen i St. Jørgensveita i Trondheim.
Foto: Ukjent, tidleg i 1920-åra

Fram til grunnlovsforbodet mot jødar i 1814 var det i varierande grad lovlig for portugisarjødar å bu og arbeide i Noreg, men antalet portugisarjødar var aldri høgt, og det var forbod mot ikkje-kristen religionsutøving. Det kan nok ha vore gudstjenester i privatbustader, men det finst av naturlige årsaker ikkje nokon synagogar frå perioden. Frå 1814 til 1844 var det totalforbod mot jødar i Noreg. Forbodet vart oppheva att for portugisarjødar i 1844, og for asjkenaziske jødar i og med grunnlovsendringa i 1851. I og med endringa av dissenterloven i 1891 vart det lov å organisere jødiske trussamfunn, og Det mosaiske Trossamfun i Oslo vart stifta i 1892. Dei heldt først gudstenester i Mariboes gate 10 i Oslo, men i 1897 vart aktiviteten flytta til større lokale i Osterhaugsgata, der dei installerte innreiinga frå ein nedlagt synagoge i Horsens i Danmark. Den første synagogen i Trondheim vart innvigd i 1899 i St. Jørgensveita 7.

Fotnotar

Kjelder

Sjå òg