Terje Frøystad

Sideversjon per 4. aug. 2011 kl. 18:00 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: Terje Frøystad (fødd i 1950 og død i 2011) var ein bygningsmann og musikar frå Sykkylven kommune. Han tok utdanning som bilmekanikar, men han fikk tidleg tilbod om arbeid i bygningsfirm...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Terje Frøystad (fødd i 1950 og død i 2011) var ein bygningsmann og musikar frå Sykkylven kommune. Han tok utdanning som bilmekanikar, men han fikk tidleg tilbod om arbeid i bygningsfirma. Tidleg på 80-talet hadde han sanka så mykje røynsle at han kunne gå i gang med sitt eige bygningsfirma. Firmaet hans hadde seks tilsette då han døydde i 2011. Terje Frøystad hadde mange store byggeprosjekt i SYkkylven kommune. Fleire av dei realiserte han saman med betongentreprenøren Per Jan Brekke. Dei førte mellom anna opp tilbygget til Sykkylven kulturhus ca 2001. Det største fellesprosjektet dei hadde var likevel Øvstetegane terasse, ein nyskapande tilvekst innafor bustadbygginga i Sykkylven. Dei velproposjonerte funkishusa ved innkøyringa til Sykkylven sentrum har blitt eit landemerke som vil vitne om Terje Frøystad si kulturinteresse og hans pågangsmot.

Terje Frøystas si hovudinteresse ved sida av arbeidet og familien, var musikken. Han byrja tidleg i Aure skulekorps og lærte seg å spele fleire instrument. Etter kvart vart det jazzmusikken som fenga mest, og han dreiv det langt innan improviseringsjazz og det som vert kalla gla`jazz. Han var i ei årrekke heilt sentral i musikkmiljøet i Sykkylven og var med å starte fleire band og grupperingar. I 1995 gjekk han saman med nokre vener og skipa Blue Horn Jazzband. Dei hadde mange speleoppgåver på Sunnmøre og utanfor. Eit høgdepunkt var då dei fekk spele på eit elvecruise i Nilen. Blue Horn Jazzband har gjeve ut fleire CD-ar. Terje Frøystad var i desse åprosjekta ein pådrivar. Han var også den som ofte batt saman konsertane, og med sin varme og humoristiske tone fekk han lett publikum med seg. Den siste konserten han fekk vere med på var med Credo Brass i SYkkylven kyrkje 2. juli, få veker før han døydde, utmatta av kreftsjukdomen.

Terje Frøystad gifte seg med Sølvi Grebstad i 1979, saman fekk dei tre born; Marte, Julie og Lars Martin. Frå eit tidlegare forhold hadde han også dottera Lise.