Tinn: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
(Bilete)
Linje 4: Linje 4:
| navn                  = Tinn
| navn                  = Tinn
| våpen                = 0826 Tinn komm.png
| våpen                = 0826 Tinn komm.png
| bilde                =  
| bilde                =
| bildestr              =  
| bildestr              =  
| bildetekst            =  
| bildetekst            =  
Linje 17: Linje 17:
| annet                =  
| annet                =  
}}
}}
[[Fil: Gaustatoppen 1971.JPG|Gaustatoppen, 1883 moh, rett opp for Rjukan. Foto: Stig Rune Pedersen|thumb]]
[[Tinn]] er ei bygd, ein kommune, eit prestegjeld og lensmannsdistrikt i [[Telemark]]. Kommunen grensar i nord og aust mot [[Buskerud fylke]] (kommunane [[Nore og Uvdal kommune|Nore og Uvdal]], [[Rollag kommune|Rollag]] og [[Flesberg kommune|Flesberg]]), i vest og sør mot telemarkskommunane [[Vinje]], [[Seljord]], [[Hjartdal]] og [[Notodden]]. Dagens kommune vart oppretta i 1964, da det tidlegare [[Hovin]] herad vart delt mellom Tinn og Notodden. Ein person frå Tinn blir kalla ein ''tinndøl''.
[[Tinn]] er ei bygd, ein kommune, eit prestegjeld og lensmannsdistrikt i [[Telemark]]. Kommunen grensar i nord og aust mot [[Buskerud fylke]] (kommunane [[Nore og Uvdal kommune|Nore og Uvdal]], [[Rollag kommune|Rollag]] og [[Flesberg kommune|Flesberg]]), i vest og sør mot telemarkskommunane [[Vinje]], [[Seljord]], [[Hjartdal]] og [[Notodden]]. Dagens kommune vart oppretta i 1964, da det tidlegare [[Hovin]] herad vart delt mellom Tinn og Notodden. Ein person frå Tinn blir kalla ein ''tinndøl''.



Sideversjonen fra 6. nov. 2012 kl. 09:06

Tinn
0826 Tinn komm.png
Basisdata
Kommunenummer 0826
Fylke Telemark
Kommunesenter Rjukan
Areal 0  km²
Areal land 0  km²
Areal vann 0  km²
Folketall (2018)
Grunnlagt 1964 (1838)
Målform Nøytral
Nettside Nettside
Liste over ordførarar
Gaustatoppen, 1883 moh, rett opp for Rjukan. Foto: Stig Rune Pedersen

Tinn er ei bygd, ein kommune, eit prestegjeld og lensmannsdistrikt i Telemark. Kommunen grensar i nord og aust mot Buskerud fylke (kommunane Nore og Uvdal, Rollag og Flesberg), i vest og sør mot telemarkskommunane Vinje, Seljord, Hjartdal og Notodden. Dagens kommune vart oppretta i 1964, da det tidlegare Hovin herad vart delt mellom Tinn og Notodden. Ein person frå Tinn blir kalla ein tinndøl.

Tinn kommune omfattar Rjukan by, industristad og kommunesentrum. Rjukan har ein eigen plass i historia om motstandsrørsla under andre verdskrigen, spesielt på grunn av Tungtvassaksjonen i 1943, og fordi ei rad av dei fremste motstandsfolka kom frå Rjukan, deriblant Gunnar Sønsteby. Med sine ca. 3300 innbyggjarar (2012) har byen godt og vel halvparten av befolkninga i kommunen. Andre, mindre tettstader eller bygdesentra er Miland, Atrå, Austbygde og Hovin. Bygda Tinn forandra sterkt karakter da Rjukan-fossen vart utbygd og Norsk Hydro etablerte verksemd i Vestfjorddalen tidleg på 1900-talet. Framleis er det ein god del jordbruk og skogbruk i kommunen, og kommunen omfattar store høgfjellsområde, mellom anna med søraustre delen av Hardangervidda. Gaustatoppen (1883 moh) ligg i Tinn, rett opp for Rjukan. Før jordbruket vart mekanisert, var Tinn kjent for sine mange ljåsmedar. Bygda er elles kjend for folkekunst, særleg felespel og rosemåling.

Kommunevåpenet sine fem vassdråpar symboliserer vasskraft og fem elver som munnar ut i Tinnsjøen.

Kommunehistorikk og historisk-administrativ tilknyting

Det opphavlege Tinn herad frå 1838 fall saman med Tinn prestegjeld, som da bestod av sokna Hovin, Atrå, Mæl og Dal. Hovin sokn vart skilt ut frå Tinn og lagt til Gransherad i 1860.

Tinn prestegjeld består i dag av sokna Atrå (kyrkje frå 1832), Austbygde (kyrkje frå 1892), Dal (kapell frå 1775), Mæl (kyrkje frå 1839) og Hovin. Rjukan har sidan 1948 vore eige prestegjeld.

Som bygdenamn er det vanlegast å bruke Tinn om bygdesokna Atrå, Austbygde, Dal og Mæl, dvs. busetjingsområdet ved Tinnsjøen og oppover dalane derifrå, med unntak av Vestfjorddalen som er dominert av byen Rjukan.

Gjennom historia har Tinn tilhøyrd mellom anna følgjande einingar:

  • Stift/bispedømme: Hamar og Oslo bispedømme til 1631, Stavanger 1631-1682, Kristiansand til 1918, Agder 1918-2005, Agder og Telemark (2005-)
  • Len og amt/fylke: Bratsberg len, Bratsberg amt, Telemark fylke
  • Fogderi: Øvre Telemark
  • Sorenskriveri/domssokn/tingrettsdistrikt: Øvre Telemark austfjellske, Aust-Telemark
  • Tinglag og lensmannsdistrikt: Tinn
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!