Tinn

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 6. nov. 2012 kl. 07:36 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: <onlyinclude>Tinn er ei bygd, ein kommune, eit prestegjeld og lensmannsdistrikt i Telemark. Kommunen grensar i nord og aust mot Buskerud fylke (kommunane [[Nore og Uvdal komm...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Tinn er ei bygd, ein kommune, eit prestegjeld og lensmannsdistrikt i Telemark. Kommunen grensar i nord og aust mot Buskerud fylke (kommunane Nore og Uvdal, Rollag og Flesberg), i vest og sør mot telemarkskommunane Vinje, Seljord, Hjartdal og Notodden. Dagens kommune vart oppretta i 1964, da det tidlegare Hovin herad vart delt mellom Tinn og Notodden. Ein person frå Tinn blir kalla ein tinndøl.

Tinn kommune omfattar Rjukan by, industristad og kommunesentrum. Rjukan har ein eigen plass i historia om motstandsrørsla under andre verdskrigen, spesielt på grunn av Tungtvassaksjonen i 1943, og fordi ei rad av dei fremste motstandsfolka kom frå Rjukan, deriblant Gunnar Sønsteby. Med sine ca. 3300 innbyggjarar (2012) har byen godt og vel halvparten av befolkninga i kommunen. Andre, mindre tettstader eller bygdesentra er Miland, Atrå, Austbygde og Hovin. Bygda Tinn forandra sterkt karakter da Rjukan-fossen vart utbygd og Norsk Hydro etablerte verksemd i Vestfjorddalen tidleg på 1900-talet. Framleis er det ein god del jordbruk og skogbruk i kommunen, og kommunen omfattar store høgfjellsområde, mellom anna med søraustre delen av Hardangervidda. Gaustatoppen (1883 moh) ligg i Tinn, rett opp for Rjukan. Før jordbruket vart mekanisert, var Tinn kjent for sine mange ljåsmedar. Bygda er elles kjend for folkekunst, særleg felespel og rosemåling.

Kommunevåpenet sine fem vassdråpar symboliserer vasskraft og fem elver som munnar ut i Tinnsjøen.