Tuva turisthytte: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Bildetekster + flyttet avsnitt ut av artikkel)
(presisering og kilder)
Linje 1: Linje 1:
<onlyinclude>{{thumb|Tuva_1916.jpg|Stølen Nordre Tuva i 1916. Birgit Flatåker med borna Georg, Olav, Margit, Anne og Svein.|Ukjend. Eigar: Hol bygdearkiv.}}</onlyinclude>
<onlyinclude>{{thumb|Tuva_1916.jpg|Stølen Nordre Tuva i 1916. Birgit Flatåker med borna Margit, Anne, Svein, Georg og Olav.|Ukjend. Eigar: Hol bygdearkiv.}}</onlyinclude>
{{thumb|Tuva_1931.jpg|Tuva turisthytte i 1931. Fotograf: Ukjend. Eigar: Hol bygdearkiv. Sjå også [http://digitaltmuseum.no/things/turisthytte/HBA/HBA.92002-00617 vinterbilete] frå omtrent same tid på Digitalt museum.}}</onlyinclude>{{thumb|Tuva_turisthytte_vinter.JPG|Tuva turisthytte påska 2013. Fotograf: Frankemann. Kilde: Wikimedia Commons.}}{{thumb|Flataaker_skurdalen.jpg|Tuva høyrde frå tidleg på 1800-talet til Flatåker i Skurdalen. Her dreiv dei både skysstasjon, landhandel, postkontor og telefonstasjon. Fotograf: Lars K. Ødegaard, 1920-30. Eigar: Hol Bygdearkiv.}}
{{thumb|Tuva_1931.jpg|Tuva turisthytte sto ferdig i 1915. Biletet er frå 1931. Fotograf: Ukjend. Eigar: Hol bygdearkiv. Sjå også [http://digitaltmuseum.no/things/turisthytte/HBA/HBA.92002-00617 vinterbilete] frå omtrent same tid på Digitalt museum.}}</onlyinclude>{{thumb|Tuva_turisthytte_vinter.JPG|Tuva turisthytte påska 2013. Fotograf: Frankemann. Kilde: Wikimedia Commons.}}{{thumb|Flataaker_skurdalen.jpg|Tuva høyrde frå tidleg på 1800-talet til Flatåker i Skurdalen. Her dreiv dei både skysstasjon, landhandel, postkontor og telefonstasjon. Fotograf: Lars K. Ødegaard, 1920-30. Eigar: Hol Bygdearkiv.}}
<onlyinclude>'''[[Tuva turisthytte]]''' ligg på 1148 moh. sør for Tuvatjørne, [[Hol kommune]], på den nordaustlege delen av [[Hardangervidda]]. Tuva er privateigd og har 40 senge- og sovesalsplassar (2013). Både sumar og vinter er ho dessutan serveringsstad for dagsturistar. Det går bilveg heilt fram til hytta på sumarstid og nokre dagar i veka jamvel rutebuss frå [[Geilo]]. Turisthytta ligg om lag ti km frå [[Ustaoset]] stasjon.</onlyinclude>  
<onlyinclude>'''[[Tuva turisthytte]]''' ligg på 1186 moh. sør for Tuvenuten, [[Hol kommune]], på den nordaustlege delen av [[Hardangervidda]]. Tuva er privateigd og har 20 senger og 20 sovesalsplassar (2015). Både sumar og vinter er ho også serveringsstad for dagsturistar. Det går bilveg heilt fram til hytta på sumarstid og nokre dagar i veka jamvel rutebuss frå [[Geilo]]. Turisthytta ligg om lag ti km frå [[Ustaoset]] stasjon.</onlyinclude>  

== Støl til 1960-åra ==
== Støl til 1960-åra ==
<onlyinclude>
<onlyinclude>
Fram til midten av 1960-talet var det stølsdrift på nordre Tuva. Ei av stølsbuene er bygd inn i hovudhuset til turisthytta. På eigedomen er det fleire hus knytta til turisthytta, og litt opp i bakken ligg ei nyare stølsbu og ruinar etter ei steinbu. I området er også godt bevarte steingjerder kring fem tydelege teigar som ligg voll i voll. Turisthytte- og stølshusa ligg i den midtre av desse.  
Fram til midten av 1960-talet var det stølsdrift på nordre Tuva, som ligg litt opp i bakken for turisthytta. På eigedomen står stølsbua frå 1800-talet med stall og fjøs. Ruinar etter ei steinbu, antakeleg brukt som feleger, ligg lenger vest. I området er også godt bevarte steingjerder kring fem tydelege teigar som ligg voll i voll. Desse har truleg vore brukte i samband med fedrift. Stølshusa og bygga som høyrer til turisthytta ligg i den midtre av teigane.

I 1763 kjøpte Ola Knutson (1732-1805) frå Fossgard i Ustedalen nordre Tuva. Fem år seinare fekk han bygsel på Halvorsknutplassen, som låg under Åker. Husmannsplassen vart sjøleigarbruk i 1810 og frå omkring 1819 kalla Flatåker (gnr 82, bnr 1). Tuva har sidan vore i Flatåker-gardane sitt eige. </onlyinclude>

== Avtale med DNT frå 1878 ==
== Avtale med DNT frå 1878 ==
Margit Olsdotter Flatåker (1852-1883) gifta seg i 1876 med Guttorm Olson Guttormsgard (1834-1929), skreppehandlar frå Uvdal. Året etter kjøpte dei Flatåker med stølar av bror hennar, Ola, som sjølv flytta til Mauredokki (gnr 82, bnr 2). Frå 1878 kunne Margit og Guttorm stille tre sengeplassar til disposisjon for [[Den Norske Turistforening]] på Tuva. Kor ofte desse vart brukt veit vi ikkje, for hyttebøkene har brent, men turisttrafikken var antakeleg beskjeden fram til [[Bergensbanen]] kom i 1909. DNT-hytta [[Krækkja]] lenger vest på vidda, hadde mest ikkje besøk dei fyrste åra etter at ho opna i 1878.  
Margit Olsdotter Flatåker (1852-1883) gifta seg i 1876 med Guttorm Olson Guttormsgard (1834-1929), skreppehandlar frå Uvdal. Året etter kjøpte dei Flatåker med stølar av bror hennar, Ola, som sjølv flytta til Mauredokki (gnr 82, bnr 2). Frå 1878 kunne Margit og Guttorm stille tre sengeplassar til disposisjon for [[Den Norske Turistforening]] på nordre Tuva. Kor ofte desse vart brukt veit vi ikkje, for hyttebøkene har brent, men turisttrafikken var antakeleg beskjeden fram til [[Bergensbanen]] kom i 1909. DNT-hytta [[Krækkja]] lenger vest på vidda, hadde mest ikkje besøk dei fyrste åra etter at ho opna i 1878.  

Frå 1904 var det Ola (1877-1948), sonen til Margit og Guttorm, og Birgit Flåtåker (1875-1958) som eigde og dreiv Tuvaseter. Med auka pågang etter 1909 både frå jegarar og andre turistar på Tuva, vart det marknad for å utvide.  I 1910 byrja arbeidet med å byggje ut stølen til turisthytte med 16 sengeplassar. Det var ein omstendelig prosess som starta med hogging, tørking og tegling av tømmer frå Skurdalen. Huset vart fyrst set opp på Flatåker. Så vart stokkane merka og køyrt til fjells med hest på vinterføre, medan sumrane vart brukte til å få opp grunnmur, lafte, leggje torv på taket og setje inn dører og hektaglas.  

Linje 17: Linje 17:
Sumaren 1915 sto Tuva turisthytte klar til å ta i mot fotturistar, fiskarar og jegarar, mest berre menn. Om hausten kom det også molteplukkarar med trebuttar på ryggen. Birgit haldt fram med å støle parallelt med turistverksemda, så turisthytta kunne by på mjølkeprodukt av alle slag. Og i vatna fiska dei ørret, så dei trengte ikkje å kløvje stort anna til støls enn potet og mjøl og kanskje ei skinke eller eit fenalår.  

Dei fyrste åra var turisthytta open medan det var folk på stølen, men frå midten av 1920-talet heldt dei opent også i påsken. Skituristane hadde gjort sitt inntog, og etter kvart kom også fleire og fleire damer. Nokre av gjestane budde fast i fleire dagar. Det vart nødvendig å utvide igjen, og i 1936 hadde hytta 30 sengeplassar til disposisjon.
Dei fyrste åra var turisthytta open medan det var folk på stølen, men frå midten av 1920-talet heldt dei opent også i påsken. Skituristane hadde gjort sitt inntog, og etter kvart kom også fleire og fleire damer. Nokre av gjestane budde fast i fleire dagar. Det vart nødvendig å utvide igjen, og i 1936 hadde hytta 30 soveplassar til disposisjon.

Ola og Birgit dreiv som gjestgjevarar også på Flatåker. Garden hadde skysstasjon og dessutan landhandel, postkontor og telefonstasjon. Dei eigde no også Mauredokki. I 1946 overtok eldste sonen, Georg (f. 1905), Flatåker og stølen nordre Tuva, medan den nest eldste, Olav (f. 1908), overtok Mauredokki og Tuva turisthytte. Olav og kona Laila (f. 1923) dreiv stølen og turisthytta parallelt i fleire år.  

== Enklare transport ==
== Enklare transport ==
Avstanden frå Flatåker og Mauredokki til Tuva var om lag 15 km, og fram til byrjinga av 1960-talet brukte dei hest sumar som vinter. Dottera Aileen minnest då kjerrehjula vart kvitt jernbeslaga på 50-tallet: ”Med gummihjul ble det for første gang mulig å få med seg eggene til fjells uten at hvitte og plomme ristet sammen underveis. Endelig fikk vi skikkelige speilegg i fjellet også!"<ref>Lauritzen, s. 69</ref>  
Avstanden frå Flatåker og Mauredokki til Tuva var om lag 20 km, og fram til byrjinga av 1960-talet brukte dei hest sumar som vinter. Dottera Aileen minnest då kjerrehjula vart kvitt jernbeslaga på 50-tallet: ”Med gummihjul ble det for første gang mulig å få med seg eggene til fjells uten at hvitte og plomme ristet sammen underveis. Endelig fikk vi skikkelige speilegg i fjellet også!"<ref>Lauritzen, s. 69</ref>  

I 1952 vart det bygd bilveg frå bygda og fram til Brennbu, om lag to km aust for Tuva. Vegen vart ført heilt fram til turisthytta og stølen frå byrjinga av 1960-talet. Då starta Sigurd Fossgård opp med kombinert buss- og mjølkerute mellom Geilo og Tuva. Det forenkla varehentinga for vertskapet, og opna for større fleksibilitet for gjestane. På 1960-talet fekk dei også snøskuter, så transporten på vinterstid vart mindre strevsam enn han hadde vore med hest og slede.
I 1952 vart det bygd bilveg frå bygda og fram til Brennbu, om lag to km aust for Tuva. Vegen vart ført heilt fram til turisthytta og stølen frå byrjinga av 1960-talet. Sigurd Fossgård, som hadde køyrt kombinert buss- og mjølkerute mellom Geilo og Fjellset truleg frå før andre verdskrigen, forlenga då ruta til Tuva. Det forenkla varehentinga for vertskapet, og opna for større fleksibilitet for gjestane. I 1964 fekk dei også snøskuter, så transporten på vinterstid vart mindre strevsam enn han hadde vore med hest og slede.

== Modernisering på 1970-talet ==
== Modernisering på 1970-talet ==
Linje 35: Linje 35:
== Kjelder og litteratur ==
== Kjelder og litteratur ==

*Flataaker, Aileen og Peter Schindewolf: ''Tuva turisthytte, Hardangervidda. 100-årsjubileum i 2015.'' I: Under Hallingskarvet 2014. 
*Lauritzen, Per Roger: ''[http://www.nb.no/nbsok/nb/c759d7148a19acfeaecc585609997c77?index=0 Hyttene på Hardangervidda og i Skarvheimen]''. Oslo : Boksenteret, 1998. S. 66-69.
*[[Reinton, Lars]] og [[Sigurd Reinton|Sigurd]]: ''Folk og fortid i Hol''. I kommisjon hos Grøndahl, 1938-1982. Bind 7 om Flatåker og Mauredokki.   
*[[Reinton, Lars]] og [[Sigurd Reinton|Sigurd]]: ''Folk og fortid i Hol''. I kommisjon hos Grøndahl, 1938-1982. Bind 7 om Flatåker og Mauredokki.   
*Lauritzen, Per Roger: [http://www.nb.no/nbsok/nb/c759d7148a19acfeaecc585609997c77?index=0 Hyttene på Hardangervidda og i Skarvheimen]. Oslo : Boksenteret, 1998. S. 66-69.
*[http://www.arkivverket.no/URN:tl_read?idx_id=14695&idx_side=70 Panteregister for Flatåker, Hol, (V7)]
*[http://www.arkivverket.no/URN:tl_read?idx_id=14689&idx_side=338 Panteregister for Flatåker/Mauredokken, Hol (V 2b)]
*Nettstedet [http://www.hardangerviddanett.no/tuva/%20 Hytteringen, Hardangervidda nasjonalpark]. Besøkt 26/6-2013.
*Nettstedet [http://www.hardangerviddanett.no/tuva/%20 Hytteringen, Hardangervidda nasjonalpark]. Besøkt 26/6-2013.
*[http://runeberg.org/hvemerhvem/ Hvem er Hvem]. Oslo: Aschehoug. Utgavene fra 1930 og 1948. 
*Samtale med Aileen Flataaker 19. februar 2015.
*[http://runeberg.org/merkbio/ Merkantilt biografisk leksikon. Hvem er hvem i næringslivet?]. Oslo, 1935.
*Under Hallingskarvet 2014

[[Kategori:Setrer]]
[[Kategori:Setrer]]

Sideversjonen fra 19. feb. 2015 kl. 18:42

Stølen Nordre Tuva i 1916. Birgit Flatåker med borna Margit, Anne, Svein, Georg og Olav.
Foto: Ukjend. Eigar: Hol bygdearkiv.
Tuva turisthytte sto ferdig i 1915. Biletet er frå 1931. Fotograf: Ukjend. Eigar: Hol bygdearkiv. Sjå også vinterbilete frå omtrent same tid på Digitalt museum.
Tuva turisthytte påska 2013. Fotograf: Frankemann. Kilde: Wikimedia Commons.
Tuva høyrde frå tidleg på 1800-talet til Flatåker i Skurdalen. Her dreiv dei både skysstasjon, landhandel, postkontor og telefonstasjon. Fotograf: Lars K. Ødegaard, 1920-30. Eigar: Hol Bygdearkiv.

Tuva turisthytte ligg på 1186 moh. sør for Tuvenuten, Hol kommune, på den nordaustlege delen av Hardangervidda. Tuva er privateigd og har 20 senger og 20 sovesalsplassar (2015). Både sumar og vinter er ho også serveringsstad for dagsturistar. Det går bilveg heilt fram til hytta på sumarstid og nokre dagar i veka jamvel rutebuss frå Geilo. Turisthytta ligg om lag ti km frå Ustaoset stasjon.

Støl til 1960-åra

Fram til midten av 1960-talet var det stølsdrift på nordre Tuva, som ligg litt opp i bakken for turisthytta. På eigedomen står stølsbua frå 1800-talet med stall og fjøs. Ruinar etter ei steinbu, antakeleg brukt som feleger, ligg lenger vest. I området er også godt bevarte steingjerder kring fem tydelege teigar som ligg voll i voll. Desse har truleg vore brukte i samband med fedrift. Stølshusa og bygga som høyrer til turisthytta ligg i den midtre av teigane.

I 1763 kjøpte Ola Knutson (1732-1805) frå Fossgard i Ustedalen nordre Tuva. Fem år seinare fekk han bygsel på Halvorsknutplassen, som låg under Åker. Husmannsplassen vart sjøleigarbruk i 1810 og frå omkring 1819 kalla Flatåker (gnr 82, bnr 1). Tuva har sidan vore i Flatåker-gardane sitt eige.

Avtale med DNT frå 1878

Margit Olsdotter Flatåker (1852-1883) gifta seg i 1876 med Guttorm Olson Guttormsgard (1834-1929), skreppehandlar frå Uvdal. Året etter kjøpte dei Flatåker med stølar av bror hennar, Ola, som sjølv flytta til Mauredokki (gnr 82, bnr 2). Frå 1878 kunne Margit og Guttorm stille tre sengeplassar til disposisjon for Den Norske Turistforening på nordre Tuva. Kor ofte desse vart brukt veit vi ikkje, for hyttebøkene har brent, men turisttrafikken var antakeleg beskjeden fram til Bergensbanen kom i 1909. DNT-hytta Krækkja lenger vest på vidda, hadde mest ikkje besøk dei fyrste åra etter at ho opna i 1878.

Frå 1904 var det Ola (1877-1948), sonen til Margit og Guttorm, og Birgit Flåtåker (1875-1958) som eigde og dreiv Tuvaseter. Med auka pågang etter 1909 både frå jegarar og andre turistar på Tuva, vart det marknad for å utvide. I 1910 byrja arbeidet med å byggje ut stølen til turisthytte med 16 sengeplassar. Det var ein omstendelig prosess som starta med hogging, tørking og tegling av tømmer frå Skurdalen. Huset vart fyrst set opp på Flatåker. Så vart stokkane merka og køyrt til fjells med hest på vinterføre, medan sumrane vart brukte til å få opp grunnmur, lafte, leggje torv på taket og setje inn dører og hektaglas.

Turisthytte frå 1915

Sumaren 1915 sto Tuva turisthytte klar til å ta i mot fotturistar, fiskarar og jegarar, mest berre menn. Om hausten kom det også molteplukkarar med trebuttar på ryggen. Birgit haldt fram med å støle parallelt med turistverksemda, så turisthytta kunne by på mjølkeprodukt av alle slag. Og i vatna fiska dei ørret, så dei trengte ikkje å kløvje stort anna til støls enn potet og mjøl og kanskje ei skinke eller eit fenalår.

Dei fyrste åra var turisthytta open medan det var folk på stølen, men frå midten av 1920-talet heldt dei opent også i påsken. Skituristane hadde gjort sitt inntog, og etter kvart kom også fleire og fleire damer. Nokre av gjestane budde fast i fleire dagar. Det vart nødvendig å utvide igjen, og i 1936 hadde hytta 30 soveplassar til disposisjon.

Ola og Birgit dreiv som gjestgjevarar også på Flatåker. Garden hadde skysstasjon og dessutan landhandel, postkontor og telefonstasjon. Dei eigde no også Mauredokki. I 1946 overtok eldste sonen, Georg (f. 1905), Flatåker og stølen nordre Tuva, medan den nest eldste, Olav (f. 1908), overtok Mauredokki og Tuva turisthytte. Olav og kona Laila (f. 1923) dreiv stølen og turisthytta parallelt i fleire år.

Enklare transport

Avstanden frå Flatåker og Mauredokki til Tuva var om lag 20 km, og fram til byrjinga av 1960-talet brukte dei hest sumar som vinter. Dottera Aileen minnest då kjerrehjula vart kvitt jernbeslaga på 50-tallet: ”Med gummihjul ble det for første gang mulig å få med seg eggene til fjells uten at hvitte og plomme ristet sammen underveis. Endelig fikk vi skikkelige speilegg i fjellet også!"[1]

I 1952 vart det bygd bilveg frå bygda og fram til Brennbu, om lag to km aust for Tuva. Vegen vart ført heilt fram til turisthytta og stølen frå byrjinga av 1960-talet. Sigurd Fossgård, som hadde køyrt kombinert buss- og mjølkerute mellom Geilo og Fjellset truleg frå før andre verdskrigen, forlenga då ruta til Tuva. Det forenkla varehentinga for vertskapet, og opna for større fleksibilitet for gjestane. I 1964 fekk dei også snøskuter, så transporten på vinterstid vart mindre strevsam enn han hadde vore med hest og slede.

Modernisering på 1970-talet

Aileen Flataaker og mannen Peter Schindewolf overtok turisthytta i 1975. Den gongen var det ikkje strøm, og vatn berre for sumarbruk. På vinteren måtte dei grave seg ned til eit oppkomme 80 meter frå hytta. I 1977 bora dei etter vatn og installerte strømaggregat. Det gjorde både kvardagen og vidare modernisering av hytta enklare. Eit tilbygg sto ferdig i 1979, og ved hundreårsjubileet har dei 20 sengeplassar og 20 sovesalsplassar.

Fotnotar

  1. Lauritzen, s. 69

Kjelder og litteratur