Vidvei

Sideversjon per 16. des. 2013 kl. 10:19 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: '''Vidvei''' er ein gard og ei grend i Suldal kommune i Rogaland. Garden ligg sør for Suldalseidet, og har gardsnummer 16. I dag nyttast namnet særleg om bruket 16/13, ...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Vidvei er ein gard og ei grend i Suldal kommune i Rogaland. Garden ligg sør for Suldalseidet, og har gardsnummer 16. I dag nyttast namnet særleg om bruket 16/13, men eit langs større område ved eidet tilhørde garden.

Oluf Rygh forklarar namnes som norrønt víðr, «vidstrakt» og eið, «eid». Dette har omsyn til eidet over frå Hylsfjorden til nedre del av Suldal. Den eldste kjende forma av namnet er Vidueidh i 1455[1], og Rygh meinar at dette kan vere ein gamal fleirtalsform Víðu-eið(ar). Det kan ut frå dette tidleg ha vore fleire bruk på garden. Andre kjende namneformaer er Weduiig (1567), Miduei (1606), Wediei (1610), Wedey (1661) og Wedweye (1723). Godkjend skrivemåte i dag er Vidvei[2]. Som slektsnamn er det også nytta andre formar, som Widwey.

Kjelder

Koordinater: 59.52306° N 6.38758° Ø


  1. DN VI, nr. 550
  2. Jf. Kartverkets faktaark