Vossestrand kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 19. apr. 2013 kl. 11:36 av Aslak Kittelsen (samtale | bidrag) (kategoriforenkling)
Hopp til navigering Hopp til søk

Vossestrand, lokalt kalla Stronde, er eit prestegjeld og ein tidlegare kommune i Hordaland. Bygda ligg omkring det dalføret som går frå den eigentlege Vossebygda til Nærøyfjorden i Sogn. Vossestrand strekker seg over eit område på 554 km2. Prestegjeldet vart oppretta i 1865, da det vart utskilt frå Voss. Berre tre år seinare vart Vossestrand og eigen kommune. I 1964 vart Vossestrand igjen ein del av Voss kommune, saman med Evanger.

Stronde er ei gammal nemning på sokna Oppheim og Vinje, fyrst nemnd i 1398. Vossestrand vart laga som namn da prestegjeldet vart danna i 1865.


Vossestrand i 1930 (Arbeidernes leksikon)

  • I 1930 hadde herredet 5712 mål dyrka mark med 960 mål åpen åker. Her var 2731 sauer, 1634 storfe, 1390 geiter, 278 hestar og 160 svin. Det produktive skogarealet var på 56 380 mål lauvskog, og 12 640 mål barskog. Her fans meieri og fleire møller og sagbruk.
  • Største ervervsgrupper av personar over 15 år i 1930 var 251 gardbrukarar. 113 tjenarar og arbeidarar ved landbruk, 42 handverkarar, 31 arbeidarar i industri, 26 forretningsdrivande, medan 21 var sysselsette i landtransport, post og telegraf, 20 i immateriell verksemd og 16 var husmenn.
  • Stortingsvalet i 1933 og (1930) ga slike resultat: Hordaland velgerforening (H og Fr.V):9 (28), Borgerlige samlingsparti: 6, Bondepartiet: 326 (420), Venstre: 127 (258), Kristeleg Folkeparti: 68, Samfundspartiet: 16. Arbeidarpartiet: 75 (74), Kommunistpartiet: 1 (0).


Innbyggjartal

  • 1920: 1669 personar.
  • 1930: 1851 personar (ifølge Arbeidernes leksikon er dette ein tilbakegang på 1 % sidan 1920!).

Kjelder