Åkre (Seljord)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Åkre, gardsnr. 85, ligg ved Skarsvegen som går mellom Svartdal og Åmotsdal i Seljord kommune. Første gong vi finn Åkre nemnt er i eit brev dagsett Bekkhus 24. september 1484 der Tore Leidulvson vedkjenner at han har selt 1 ½ markabol jord frå garden, til Nirid Sveinsson.

Åkregardane - Åkre med Ækre, er rundt år 1600 rekna for halve gardar. Ækre er utskilt frå Åkre og er av nyare opphav. I 1650 står det i lensrekneskapen om desse gardane: «Er ganske forarmet och kan ingen skat udgive.»

Det står framleis hus på Åkre, og loftet skal ha kome frå Svalastogo i Langlim.

Litteratur

  • Tov Flatin, Seljordssoga, Seljord kommune, 1945 og 1954.
  • Bind II «Gardar og ættir i hovudsokne og Flatdal sokn».
  • Bind III «Gardar og ættir i Flatdal sokn (framhald frå II band.) og Åmotsdal sokn», «Ymse lag i heradet» og «Rettingar til band I, II og III».
  • Aakre, Harald. Skarsvegen. Svartdal, 1991.

Eksterne lenker