Åmdalsvegen (Tokke)
Hopp til navigering
Hopp til søk

Åmdalsvegen sett nordaustover.
Foto: Roy Olsen (2022).
Åmdalsvegen er ein blindveg på Åmdals Verk i Tokke kommune som går sørvestover frå Gamleveg til gruvemuseet og er om lag 510 meter lang. Vegen fortsett namnlaus vidare til gardane Åmdal Heimistog (gnr. 142/1) og Åmdal Burtistog (gnr. 142/2).
Vegen har namn etter Åmdal-gardane og vart namnsett i 2002. I området ligg restane til gruvene Åmdals Verk.
- Nr. 42: Museet Åmdals Verk gruver
Kilder
- Kartverket, norgeskart.no