Åsta Johanna Kjøsnes

Åsta Johanna Kjøsnes (fødd 8. januar 1914, død 16. mai 2016) vart fødd på garden Kjøsnes i Jølster og gjekk i 1939 Fiskarfagskulen i Florø. I 1949 byrja ho i arbeid på Janus Fabrikker i Bergen, der ho vart til desember 1980, då ho gjekk av med pensjon. Som pensjonist flytta Åsta heim til Jølster. Frå kring 2000 budde ho på Skei omsorgssenter, der ho fram til ho var 99 hadde eiga leilegheit. Åsta Kjøsnes var glad i friluftsliv. Ho var med og sykla Jølstravatnet rundt til ho som 83-åring fekk plakett. Sidan angra ho på at ho ikkje fortsette i 10 år til. Ho gjekk i fjellet til ho var 95 1/2.

Åsta Kjøsnes i august 2015.
Foto: Geir Inge Indrebø

Kilde


  På Lokalhistoriewiki skriver vi artikler om hundreåringer. Vi oppfordrer historielag og enkeltpersoner til å bli med på denne dugnaden. Vi ønsker både bilder og tekst om personene.
Flere artikler og bilder finner du i denne alfabetiske oversikten.