Øvregarden (Jostedalen)
Øvregarden | |
---|---|
Øvregarden sett frå nordaust (Hauglid i framgrunnen). | |
Rydda: | Kring 1720 |
Stad: | Jostedalen |
Sokn: | Jostedalen |
Fylke: | Vestland |
Kommune: | Luster |
Gnr.: | 193 |
Bnr: | 2 og 4 |
Øvregarden (Luster, gnr. 193/2 og 4) er to småbruk i Jostedalen i Luster kommune, Sogn og Fjordane under matrikkelgarden Jostedal prestegard. Tunet ligg på vestsida av Jostedøla på høgda bak Sagarøy, ca 1 km nord for Jostedal kyrkje.
Øvregarden høyrde til Kreken skulekrins fram til skulesamanslåinga i 1960-åra.
Husmannsplassar
Den fyrste husmannsplassen i Øvregarden skal ha vorte rydda som plass under Prestegarden i 1720-åra, og ein plass til (Øvregard 2) vart rydda kring 1737. Øvregard 1 vart øydelagd av eit snøskred vinteren 1893-94 og deretter fråflytt.
Bnr. 2 Øvregarden: klokkargard
Ved delingsforretning 28.6.1897 vart så eit område som tilsvarte den tidlegare husmannsplassen Øvregarden 1, fråskild som klokkargard. Den fyrste klokkaren som budde her var Anders Hjellum, som flytte hit i 1898. Han sette truleg då òg opp stovehuset. Garden vart nytta som klokkargard fram til 1965. Garden var i denne perioden med og gjorde Sagarøy til det administrative sentrumet i Jostedalen.
Bnr. 4 Øvregarden
Plassen Øvregarden 2 vart fråskild Jostedal prestegard den 4.9.1951.
Kjelder og litteratur
- Bræums Præstegaard i folketelling 1801 for Jostedal prestegjeld fra Digitalarkivet
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 352-366. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag, side 210-213.