Årdal krins (Jølster)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Aardal krins»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Årdal krins var ein skulekrins i Jølster kommune i Sogn og Fjordane. Krinsa dukkar opp i skuleprotokollane fyrst i 1880, men kan ha vore i drift tidligare. I 1893 omfatta krinsa gardane: Juklestad, Sandnes, Årdalsbakken, Årdal og Erikstad. Skulen var fram til 1899 to-delt, og kunne ha opp mot 30 til 50 elevar i året.

I krinsreguleringa frå 1897 vart det vedteke at Helgheim skulekrins skulle slås saman og underlegast Årdal krins. Vedtaket blei fyrst iverksett i 1899. Den nye krinsreguleringa førte til at borna frå gardane: Helgheim, Hus og Slåttane måtte overførast til skulen i Årdal. Som ein fylgje av samanslåinga økte elevtalet, og Årdal skulekrins blei difor ein tre-delt skule. I 1916 blei skulen fire-delt. Fram til 1930 var det i gjennomsnitt 58 elevar i året.

Sentraliseringsstrid og privatskule

I 1962 fatta kommunestyret i Jølster eit vedtak om å samla barneskulane i kommunen til to barneskuler – Skei og Vassenden. Årdal krins skulle overførast til Skei, men der var det plassmangel, og borna fekk halde fram i Årdal inntil vidare. Eit lite fleirtall (21-18) var for ein overflytting til Skei.

Ein ny røysting over sentralinseringspørsmålet vart helde i krinsa i 1969. No var fleirtalet imot overflyttinga til Skei barneskule. Heile 89 røyster stemte for å halda på skulen i Årdal, 23 ville til Skei. Men dei kommunale styresmaktene gjorde ikkje noko med saka og vedtaket frå 1962 blei ståande.

To år seinare i 1971 vart saka teken oppatt, og no gjekk heile 92 av dei røysteføre inn for eigen skule i Årdal, berre 15 ville til Skei. Skulestyret i Jølster aksepterte at skulen i Årdal skulle halde fram eigen skule «inntil vidare». Men då saka kom i heradsstyret, blei det vedtatt at borna i Årdal skulle overførast til Skei når det var plass, dvs. hausten 1972.

I 1972 anka mindretalet i krinsa til skuledirektøren og departementet, men anken vart avvist. Folket i krinsa samlast og sende eit skriv der dei bad dei kommunale styresmaktene ta saka oppatt på nytt, og det var også klart at skulestreik kunne bli eit alternativ. Skulestyret nekta å ta saka oppatt. Eit nytt brev blei også sendt til departementet, der det vart gjort klart at streik ville bli resultatet om krinsen sine krav ikkje vart imøtekomne. Departementet svarte ikkje på brevet innan tidsfristen, og den 25. april vart det skulestreik. Skulestyret i Jølster og departementet heldt på det tidligare vedtaket om at borna i Årdal krins skulle flyttast til Skei barneskule.

Innbyggarane i Årdal bestemte å ta saka vidare i eigne hender. Dei oppretta sin eigen privatskule, tilsette lærarar, leide det gamle skulehuset (gratis), og fekk ein del læremiddel frå ymse forlag. Den nye privatskulen i Årdal hadde ca. 30 elevar i 1972.

I 1973 vart dei eldste borna flytta til Skei, og berre dei yngste vart att i privatskulen. Privatskulen i Årdal var i drift i ca. 15 år, då den blei lagd ned i 1987.

Skulehus

Eit skulehus i Årdal blei først bygd på slutten av 1800-tallet. Dette bygget blei rivne i 1899 som ein følgje av den nye krinsreguleringa, då Helgheim blei slått saman med Årdal. Eit nytt skulehus måtte byggast for å imøtekomme det store elevtalet som reguleringa medførte. Materiale frå dei gamle skulehusa i Helgheim og Årdal vart brukt i bygginga av det nye, og skulehuset vart plassert mellom Årdal og Helgheim, slik at borna ikkje fekk for lang skuleveg. Under arbeidet med den nye skulen vart leide lokalar brukt. Det nye skulehuset vart ferdig på byrjinga av 1900-tallet.

Skuledagen

Skulevegen

Lærarar

Namn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Ludvig Indrebø 1864 Årdal 1890 1899 Stord 1883
Lasse Berild 1856 Årdal 1899 1904 Tromsø 1879 Slutta i 1904: sjukdom
Johannes Fossheim 1867 Årdal 1904 1921 Hamar 1889
Ingolf Helgheim 1898 Årdal 1921 1965 Volda 1918
Sigurd Huus 1900 Årdal 1923 1929 Volda 1921
Maria Huslid 1899 Årdal 1930 1951 Volda 1920 Var også lærar frå 1961-1965
Anders Viken 1899 Årdal 1951 1960 Volda 1929
Gudrun Lothe Birkelund Årdal 1966 1966
Erna Osvoll Årdal 1968 1973
Knut Osvoll Årdal 1968 1971

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

  • Dagbok for Årdal skule og Helgheim skule 1880-1894. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Dagbok for Årdal skulekrins 1917-1966. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Dagbok for Årdal skulekrins 1917-1971. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Dagbok for Årdal skulekrins 1966-1972. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Møtebok for Helgheim og Årdal skulekrins 1890-1923. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Rekneskapsbok for Årdal skulekrins 1950-1972. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Skuleprotokoll for Helgheim og Årdal skulekrins 1986-1903. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Skuleprotokoll for Årdal skulekrins 1904-1943. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Skuleprotokoll for Årdal skulekrins 1943-1969. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Skuleprotokoll for Årdal skulekrins 1969-1971. Digital versjon på Digitalarkivet.no.

Koordinater: 61.55175° N 6.34961° Ø