Aasa Helgesen (1877–1968)
Aasa Helgesen (fødd 11. februar 1877 i Bjelland, død 29. april 1968 på Utsira) var første kvinnelege ordførar i Noreg, i Utsira kommune frå 1926 til 1928. Ho var med dét også Europas første kvinnelege ordfører.
Ho var dotter av gardsarbeidar Ole Sørensen Røinesdal (1852–1938) og Sissel Johnsdotter Kåland (1841–1902), og voks opp på husmannsplassen Røinesdal i Bjelland, no i Marnardal kommune. Etter grunnskulen blei ho hushjelp hos ein bonde der. Med et garanti for eit lån på 300 kroner frå bonden og lensmannen kunne ho utdanne seg til jordmor i Kristiania. Då ho var ferdig utdanna i 1902 prøvde ho å få jordmorjobben i Bjelland, men blei innstilt som nummer to og måtte søkje andre stader.
Aasa Røinesdal fekk i 1903 jobben som jordmor på øya Utsira i Rogaland, utafor Karmøy. Den gongen tok det ni timar med båt ut dit, og det var ein stor overgang frå skogsbygda ho hadde vokse opp i. Ho blei raskt kjend med folk på Utsira, og fann seg godt til rette. Ho møtte mellom anna fiskaren Sivert Helgesen (1883–1941), som ho blei gift med den 24. juni 1907. Dei fekk åtte born: Karoline, Solveig, Johan, Olaf, Sigurd, Louise, Thomas og Arne.
Den 1. juli 1924 blei Utsira eigen kommune, etter å så langt ha vore ein del av Torvastad kommune. Det blei utpeika eit mellombels heradsstyre, og Sivert Helgesen blei første ordførar. Første val i den ny kommunen blei halde den 29. oktober 1925. Det var eit reint fleirtalsval, utan omsyn til lister. Det blei sett opp ei kvinneliste med tolv namn, mellom anna Aasa Helgesen. Så hende det at elleve kvinner og ein mann blei valde.
Noko av bakgrunnen for det uvanlege resultatet skal ha vore ein skattesak som blei handsama av det førre kommunestyret. Brørne Svend og Peder Klovning hadde oppgjeve for låg inntekt og formue i sjølvmeldinga for 1923. Dei innrømde raskt det, og retta det opp. Men heradsstyret meinte at brørne nok hadde oppgjeve for lite heilt attende til 1916. Det var store beløp for den tida, for dei meinte at Svend skulle skatte av 49 673 kroner, og Peder av 28 646 kroner. Av dette skulle dei betale dobbelt skatt og 5 % renter. Saka vart i november 1925 send til påtalemakta. Ein teori som har vore fremma er at valet i 1925 var ein protest mot handsaminga av denne saka, og eit von om at kvinner ville vere greiare med brørne. Det var dei ikkje, og saka fann ikkje si løysing før i 1932, så Bergen overrett avsa ein dom til fordel for brørne Klovning. Kor stor rolle skattesaken hadde i dette er uvisst, og truleg var den ein av fleire sakar i eit maktspel mellom menn på Utsira. Meir om dette kan du lese i artikkelen Kommunestyrevalet i Utsira kommune 1925.
Den 8. januar 1926 skulle det veljast ordførar. Den mannlege representanten ville ikkje, og Aasa Helgesen blei vald og kunne teke over ordførarvervet etter mannen sin. Etter valet kom det gratulasjonar frå kvinneorganisasjonar i fleire land, men mange trudde at dette ikkje kom til å gå bra. Alle dystre spådomar kom til skamme, for dei to åra kvinnene styrte blei økonomisk underskot snudd til overskot på Utsira. Ved valet i 1928 var det likevel ingen av dei elleve kvinnene som ville stille til val. Det blei tolv menn, og Sivert Helgesen blei ordførar for andre gongen.
Aasa Helgesen var jordmor på Utsira til 1942, og tok imot omkring 400 born. Det var om lag så mange som det budde der, så mot slutten av tida hennar som jordmor hadde ho teke imot ein stor del av innbyggjarane. Det var ikkje lege på øya, så ho måtte også hjelpe folk med andre helseplagar.
Sjå også
Litteratur og kjelder
- Aasa Helgesen i Historisk befolkningsregister.
- Breen og Jordahl (2016), 60 damer du skulle ha møtt, s. 68 og 69.
- Haugland, Åmund: Aasa Helgesen i Norsk biografisk leksikon.
- Kjølledal, Bente: Åtte kule kvinner du ikkje lærte om på skulen. Desse åtte føregangskvinnene bør du vete kven er. famtida.no, 8. mars 2022. Besøkt 09.01.2023.
- Svendsen, Roar: Utsira fram til 2000: historien om et øysamfunn. Utg. Utsira kommune. 2000. Digital versjon på Nettbiblioteket.