Kommunestyrevalet i Utsira kommune 1925

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kommunestyret på Utsira 1926–1928: Elleve kvinner og ein mann. Frå Inntrøndelagen sitt julenummer 1925.

Ved kommunestyrevalet i Utsira kommune 1925 blei elleve kvinner og ein mann vald inn i kommunestyret, og Noreg fekk sin første kvinnelege ordførar. Valet utløste protestar frå nokre, men også gratulasjonar frå kvinneorganisasjonar i mange land.

Utsira kommune blei utskild frå Torvastad kommune i 1924. Det første året hadde dei eit utpeika kommunestyre, med fiskar Sivert Helgesen som ordførar. Den 29. oktober 1925 var det på tida å velje eit nytt kommunestyre. Det var eit reint fleirtalsval, utan omsyn til lister. Tolv kvinner på øya satte opp ei liste, og det viste seg at elleve av dei blei vald inn. Dei som kom inn i kommunestyret var:

Det blei gjort forsøk på å få underkjend valet, men det blei godkjend. 9. januar 1926 var det tid for å velje ordførar. Gustav Hansen ville ikkje, og valet fall på Aasa Helgesen, som var jordmor på øya og kona til ordførar Sivert Helgesen. Ho tok over, og satt ut perioden.

Ved valet i 1928 var det ingen kvinner som ville stille, så det neste kommunestyret hadde tolv mannlege medlemmar, og Sivert Helgesen blei ordførar for andre gong.

Litteratur

  • «Landets første kvinnelige herredsstyre» i Inntrøndelagen sitt julenummer 1925. (Sjå faksimile øvst i artikkelen).
  • Haugland, Åmund: Aasa Helgesen i Norsk biografisk leksikon.