Agder Folkemusikkarkiv
Agder Folkemusikkarkiv vart etablert i 1998 og ligg på Rysstad i Valle kommune. Arkivet er for Agder fylke og er samlokalisert med Setesdalsmuseet og har i tillegg til arkiv og administrative rom eit lytte- og studierom for publikum. Den daglege leiaren er Harald B. Knutsen. For å leve opp til måla og retningslinene søkjer arkivet å kome i kontakt med dei som har gamalt eller nytt materiale som kan bli kopiert og på den måten verte bevart for ettertida.
Agder Folkemusikkarkiv har eit frittståande styre på tre medlemmer som er oppnemnde av fylkesrådmennene i Aust- og Vest-Agder. I åra 2006 - 2010 var kultursjefen i Aust-Agder, Per Norstrøm, leiar medan dei to andre medlemmane var Anne Tone Hageland (fylkeskultursjef i Vest-Agder) og Leiv Solberg (ansvarleg for folkemusikktimen i NRK, tidlegare leiar for Arendal kulturhus).
Mål og retningsliner
Frå heimesida til arkivet:
- Å etablere og drive arkiv for folkemusikk og folkedans i Agder.
- Å sikre at eldre og nyare folkemusikk og folkedans i Agder vert teke vare på for framtida.
- Å bidra til at formidling av folkemusikk- og folkedanstradisjonane i Agder styrkast.
- Å halde arkivets funksjonar lett tilgjengelege for brukarane.
- Å aktivt spreie informasjon om og tilby arkivets tenester ovanfor kommunane i Agder, institusjonar, organisasjonar og enkeltpersonar.
Samlingane
Folkemusikkarkivet samlar inn og har:
- omlag 25 000 lydkutt med folkemusikk (2008).
- mange digitale videopptak av det innsamla tradisjonsstoffet og gamle private smalfilmopptak som har blitt kopiert til video. Mellom anna omfattar samlinga opptak frå kappleikar og konsertar attende til 1950-talet.
- fotografisamling av tradisjonsutøvarar frå Agderfylka. Desse kjem mellom anna frå offentlege og private samlingar, og enkeltfoto samla inn på vitjing hos informantar.
- trykte og handskrivne notar av slåttar og vokalstoff, båe tradisjonelle og nyare verk komponerte på grunnlag av folkemusikk frå Agderfylka.
- trykte og handskrivne tekstar av vokalstoff frå private og offentlege samlingar.
- ein stevbase med omlag 2500 stev på internett der ein kan søkje på emneord.
- eit fagbibliotek med omlag 250 titlar, og arkivet freistar å samla det meste av utgjevne trykte media som omhandlar tradisjonell musikk og dans i Agderfylka.
- eit musikkbibliotek med omlag eit par hundre fonogramutgjevingar med agdermusikk.
- eit klypparkiv med fagartiklar mellom anna frå tidsskrift og aviser.
Ekstern lenke
Koordinater: 59.094900° N 7.527194° Ø