Harald B. Knutsen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Harald B. Knutsen (fødd i Hallingdal i 1970) er ein norsk folkemusikar og spelemann som er busett i Setesdal. Han har leia Agder Folkemusikkarkiv sidan det blei oppretta i 1999. Det kan seiast å vera eit framhald av arbeidet han tok til med då han som 19-årig lærarvikar byrja leite etter gamle opptak, tradisjonar og historier. Harald B. studerte ved Høgskulen i Telemark si folkemusikkavdeling på Rauland, og enda det studiet i 1992 med ei oppgåve om å spela på kappleik, før han gjekk vidare og studerte kulturfag i . I 1993 fekk han Sagaprisen, og med den Magne Myhren som lærar. I åra 1997-98 arbeidde han som folkemusikkonsulent i Buskerud. Harald B. har og vore i styret for Norsk Folkemusikk og -Danselag i to periodar.

Harald B. voks opp hos dei folkemusikkinteresserte besteforeldra sine på Geilo og tok til med hardingfelespel då han var 11 år. Dei fyrste lærarane var Knut Skaro ved musikkskulen i Hol i Hallingdal og den gamle spelemannen Olav H. Foss. Etterkvart vart det spel i Hallingdal juniorspelemannslag og Hallingdal Låtelag, før han tok til på vidaregåande på Gol. Han gjekk i læra hos mellom anna Jens A. Myro på Ål og Knut Myrann og Odd Bakkerud. Fyrst på 1990-talet arbeidde han fire somrar hos Hallvard T. Bjørgum og Marianne Berg på Sylvartun i Valle, og han seier sjølv at:

Dette samværet har hatt svært mykje å seie for meg som spelemann. Der vart hardingfelemusikken og samtala omkring spelet dyrka og sett i sentrum på ein måte eg aldri hadde opplevd før. Det vart eit eige akademi. Den rause måten eg og andre yngre spelemenn vart tekne imot på hjå Hallvard i Setesdal, er heilt utruleg...
– Skaug, Tore: Årbok for norsk folkemusikk 2006 s.111

Han valde sivilteneste, og arbeidde då i 16 måneder med innsamlingsarbeid for Hol kommune. Etter siviltenesta fortsette han i ei stilling der han kombinerte undervisning ved musikkskulen, innsamlingsarbeid og speling på oppdrag.

Då han tok til som leiar for Agder Folkemusikkarkiv reiste han Agder rundt og samla kutt av all slags folkemusikk anten det var stev, viser eller spel. Lokalavisa Setesdølen kalla han ved eit høve folkemusikkens Johannes Skar. Harald B. busette seg i øvre delen av Setesdal og blei med i spelemannslaget Knut Heddis minne som øver i stoga etter Knut Heddi. Laget har vorte noregsmeistrar tre gonger. Frå mars 2006 var han prosjektleiar for «Bø i Felemark» som var ein nysatsing på museum og historieformidling omkring hardingfeletradisjonen i Bø.

Kjelde

  • Skaug, Tore: Årbok for norsk folkemusikk 2006 s.109-120