Alf Mostue

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Alf Mostue (fødd på Notodden i 1911, død 1998) var lokalhistorikar frå Notodden. Han samla mellom anna inn arbeidarhistorie frå heile landet - både gjenstander, foto og arkivmateriale. Den 28. august 1989 fekk han Kongens fortenestemedalje i sylv for innsatsen han hadde lagt ned for kulturen.

Arkiv

Mostue testamenterte store delar av si lokalhistoriske samlinga til Notodden kommune og Notodden historielag. I dag blir samlinga oppbevart ved Notodden bibliotek. Sjå meir i lista over privatarkiv frå Telemark.

I tillegg oppbevarer Arbeiderbevegelsens arkiv i Telemark eit mindre arkiv hjå seg. Sjå innhaldet på lenke til oppføring på arkivportalen.

Kjelder

  • Høydal, Hallgrim, "Alf Mostue: Lokalhistorikaren som har sett spor etter seg i rikshistoria" i Telemark Historie, Tidsskrift for Telemark Historielag, Nr. 10, 1989.
  • Hjartdal Historielag, "Alf Mostue æresmedlem i Hjartdal Historielag", i Kontaktblad for Hjartdal Historielag, nr. 24, desember 1997, 8. årgang. Lenke til digital utgåve.
  • Telen, "Unik historisk juvel er sikret", i Telen, 6. februar 2018. Lenke til digital utgåve. (Lest 23. august 2018, kl. 14.00.)